Snøvinteren 1962 – del 2

I dag for 62 år sidan, del 2 – her er del 1oversikt – her er del 3

I del 1 forlet me eit innesnødd lite dalføre vest i landet. 
5. februar er fortsatt øverste halvparten av dette dalføret innesnødd.

No i del 2 let eg hovud-forteljarane være avisa Bergens Tidende, saman med brevet Johan O Gullbrå frå øverste garden skriv til avisa. BT dekkkjer «Eksingedalen snør ned» godt, og som me skal sjå seinare, blir dei ein god støttespelar for dei innesnødde. 

5. februar beskriv Bergens Tidende situasjonen slik:
«Omlag hundre menneske i øvste delen av Eksingedalen har vore innestengde av snø over ei veke, og dei fire øvste gardane er dessutan utan telefon på grunn av linebrot. Det er heilt på det uvisse når vegen kan brøytast opp att. Frå dei øvste gardane er det 20 km ubrøytt veg fram til forretning og bussamband, og snøen er så laus og djup at dei ikkje kan koma fram med hest og slede. Alt som trengst på gardane må berast fram i ryggsekk, og for dei som bur øvst i dalen vert det ein tur til fots på 40 km i høg snø når del skal på innkjøpstur.
Gardane Gullbrå, Ekse, Trefall og Brakestad har dessutan vore utan telefonsamband sidan onsdag, og dessutan har straumen vore borte nokre gonger over heile dalen.
Folket i dalen karakteriserer situasionen som desperat, og Eksingedalen Bondelag har sendt eit skriv til vegkontoret med bøn om hjelp.»

I brevet frå Johan O Gullbrå får vi eit godt innblikk i forholda dei innesnødde balar med. Han foreslår også ei enkel løysing:
«Då brøytebilen laut gje tapt, var brøytekantane to meter høge, og no er vegrenna fylt av laus fokksnø i opptil 2.5 meters høgd. Det er såleis uråd å koma fram med hest og slede. Når vegen før om åri har vore stengd, har det vore vanskeleg à koma fram med hest og slede, men denne gongen er det særleg ille, fordi fokksnøen kom sa brått at ein ikkje fekk råd til å trakka han hard etter kvart som han kom».
«Det har vore ein dårleg sumar med lite og dårleg fôr, og dei fleste treng difor å kjøpa meir kraftfor og høy enn vanleg. Hjå einskilde gardbrukarar er det alt slutt på kraftfôret av di uveret kom så brått at dei ikkje fekk tid til a få heim noko før vegen var stengd.»
«Dersom nokon skulle verta sjuke på dei avstengde gardane, er det uråd å få dei på sjukehus.»
«Det ville vore ei lett sak for ein bulldozar eller ein snøfresar å ta vegen oppatt.»

Bergens Tidende tek opp «dei innesnøddes problem» med ansvarlege vegmyndigheiter:
«Bergens Tidende har lagt saki fram for vegsjef Olav Kvåle som seier at med dei katastrofale snømengdene som det har vore den siste tidi, er det uråd å halda vegen open. Det vert og for dyrt å frakta inn snøfresar eller bulldozar til staden, og slik veret no er, kan vegen fyka til att på få minuttar.
Overingeniør Ingolf Glambek, peikar på at vegstellet ikkje har meir enn to snøfresarar, og dei er opptekne pá dei store vegane. Vegen gjennom Eksingedalen er dessutan for smal både for bulldozar og snøfresar.
Tilhøvi i vinter er så vanskelege at fleire dalar må finna seg i å vera utan veg. Naturmaktene er for sterke. Det er synd i dei det går ut over, men det er ikkje noko å giera med det, seier overingeniør Glambek. Når kan me så venta at vegen vert opna att? Det er det umogeleg å seia noko om. Når brøytekantane er så høge som to meter er det ikke råd for snøplogen å kasta snøen over. Det einaste vi kan gjera er a venta på at snøen skal roa seg litt, slik at vi kan få snøen over kantane, seier overingeniør Ingolf Glambek.»

Ikkje mykje trøyst for dei innesnødde her. I Myrkdalen, eit dalføre litt aust for Eksingedalen, som også snøa igjen på same tid, blir vegen opna att med bulldozar 1. februar, utan at overingeniøren nemner det.

Bergens Tidende fyl opp med reportasje 10. februar. Ein dag eller to før var journalist og fotograf på tur på ski frå Lavik og dei 2 mila opp til Gullbrå.
Hovudoppslaget på framsida blir: «Stemningen amper blant de isolerte i Eksingedalen». Inne i avisa er ei heilside med overskrifta «Kritisk for oss om vi nå ikke får veien brøytet».

Heime tok mor vare på denne heilsida, fint samanbretta blant sakene hennar. Ikkje minst fordi det her var bilete og omtale av både far og meg.

«Framhaldssoga del 3» tek for seg dette besøket frå «verds-pressa» – og kjem her 10. februar, 62 år etter.

Ein liten smakebit frå BT, forfatta av journalist Kjell Pedersen (reine poesien):
«Over de mange moene under de stupbratte fjellene går karfolket tungt og sikkert på stier med kraftforsekkene på ryggen. En og annen er snauere på foten men så er han også på langfart og skal flere mil ned til bygden for a hente lettere varer som sukker og kaffe. I gamle dager måtte man proviantere vår og høst. Men så kom maskinalderen, levemåten ble lagt om, og man kunne bare slå på tråden og få varene sendt på døren. Men maskinalderen fikk kort levetid i Eksingedalen. Nå er det menneskekraften som må til.»

(Del 4 kjem 12. februar og handlar om då dei insnødde fekk kjeft av vegsjefen, og om ei midlertidig løysing.)

Inlegget på Facebook – her er del 3

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.