Ekisingedalen 1918

Eksingedalen 1918, i dag for 106 år sidan, Bergens Tidende søndag 3. mars 1918 (oversikt)

Bilete: faksimile frå Bergens Tidende.

Innleiing:

“Eg vart baade undren og ille ved paa turen uppetter til Gulbraa i sumar, eg høyrde riksingi av eit handorgel i ei stova paa ein av øvste gardarne. Aaa, sende det paa elvi ein gong ho er skapleg stor! Kjøp so att ei retteleg god fela; det vil høva dykk. Og lat grammofonarne fara same vegen” (handorgel=trekkspel).

Dette rapporterer Severin Blindheim frå ein av sine turar oppover Eksingedalen sommaren 1917. Og budeiene som byr han kaffi i staden for frisk mjølk! Og så desse som går rundt med “apekatt-stikke” i kjeften! Sigaretten. Det moderne forfall er i ferd med å gjere sitt inntog i det avgøymde trange dalføret!

Same sommaren reiser Blaauw rundt i dalen og kjøper opp vassrettane, som no blir tapt for alle komande generasjonar. Har pengane gått til handorgel?

Men ellers hyller Blindheim det han høyrer av felespel og song. Og han hyller den smålåtne hardtarbeidande kloke bonden, glad i kvar jordflekk han har. Og dei dyktige reve-jægrane!

Far var ein ivrig reve-jæger. Han kunne fylja eit spor i dagevis for til slutt å få has på styggen. Åleine eller saman med Leif på nabogarden. Og blei et revehi funne om våren, var det å røyka ut kvalpar og dyr. Jakta gav spenning og inntekt. Inntekt via skotpremie og reveskinn. Reven blei sett på som eit rovdyr som tok sau og lam, og rype – ei anna inntekt. Eg hugsar far med sikkert handlag drog skinnet av den opphenget reveskrotten, for så å spenna det opp på ei reveskinn-fjøl til tørk.

Om felespelet er å seie at mykje blei borte då religiøs vekkelse sveipa kring i dalen eit tiår og to etter denne forteljinga.

Simen-Daoe på Gullbrå (David Simonson Gullbrå 1842-1924) ville vore nøgd med veg til Nesheim, sjølv om det då framleis ville vore veglause mila att til tunet hans (dit kom den i 1959).

At grunnen til deling av dalen mellom 3 herad var dei uframkomelege partia, har Blindheim ikkje heilt fått med seg.

Så til forteljinga:

I dag for 106 år sidan.
Bergens Tidende søndag 3. mars 1918:

Eksingedalen.

Bjartare blenkjer visst aldri fjell
naar morgensol snjotinden gyller.
Fagrare raudnar visst aldri kvel
med» nut og skyflokar brenn som eld
og keveldsoli himmelen fyller.
Nils Lavik.

Han hev vore ein av dei Vestlandsdalarne som hev vore lite kjend. Avgjøymd ligg han, og langt inne millom fjelli.

Men hev du fyrst teke til aa verta honom var, er han ein slik som du seint tykkjest verta ferdig med. Fyrst den velduge naturi! Sjeldan skal du sjaa noko so storfelt. Dei flogbratte fjelli reisar seg skyhøgt yver deg naar du fer etter vegen.

Ville urder med tusental av kjempesteinar nedanfyre fjellfoten. Dei bratte lidarne klædde med lauvskog og barskog; og so »Langesløra«, den 6-7 mil lange elvi som smyg nede i trongaste dalbotnen. Stundom ligg ho og dormar og veit ikkje anten ho skal ganga til vinstre eller høgre fyr dei smaa skogkladde holmarne; og stundom slepper ho seg i lause lufti utfyre stupbratte berget, so vatsgovet driv deg um kjakarne, naar du fer etter vegen frammed. Her og der, lagar ho djupe, løyndomsfulle hyljar, der storfisken gøymer seg; eller og breidar ho seg ut paa vide flate sandgrunnar, der borni laugar seg dei varme sumardagarne.

I lange tider hev ho soleis fare nedetter dalen, lenge fyrr folk fann vegen dit. Trufast har ho male og bore saman stein og sand og jord, og lagt det fraa seg her og der til store øyrar, der folk sidan fekk husetja seg.

Og det er lenge sidan dei fyrste kom.

Det var den tidi dalbotnen var tilvaksen med skog; og bjørnen, ulven og andre udyr raadde grunnen, so folk maatte søkja til hellarar og andre liknande gøymslor aa halda til i. Her var han nok aa vinne med skogen, og seige var dei villdyri; men tapa laut dei nok tilslutt, so heimsens herre laut faa verta husbonden ogso der i dalen.

Og no sit Eksingedølerne paa gardarne sine uppetter dalen, ikkje rædde korkje bjørn eller varg; ja dei toler ikkje ein-gong reven i riket sitt. Er han so uvarsam at han synar nokon den brune pelsen sin, so er det nok feigdaferdi si han daa gjer, fyr gjev seg gjer dei ikkje fyrr han dinglar paa aksli daud. Hard spreng og klok aatferd maa nok til mang ein gong; men det nauvar inkje, dei er so vane med det der. Han mikkel lyt fira.

– Eg hev vore fleire gonger i Eksingedalen; men ikkje til øvste garden fyrr i sumar. Daa fekk eg sjaa honom i heile si lengd – ca. 5-6 mil.

Lang er han, men ikkje so mykje folk bur der etter maaten. Der er store vidder som høyrer til kvar gard fleire stader og ikkje lite langt millom gardarne.

Tri herad delar honom i millom seg, Bruvik nedst, Modalen og Eksingedalen i midten, og Evanger øvst. Ein kann merka det paa maalet og at det er ymse herad. Du er ikkje fyrr komen til Fosse – nedste garden i Evangerluten – fyrr du merka. Ævonga-maolet. Men at Eksingedølarne deler upp dalen sin soleis og let det vere »tri bikkjor um beine«, skynar eg ikkje. Var det ikkje betre at dalen var ein dal og eit herad? No, dette er berre tankar som ein utanum tenkjer det, og soleis fær ein difor verdsetja deim og. Men eg tykkjer det maatte vera meir naturlegt iminsto. Hardt maa det vera fyrr øvste luten til dømes aa kosta vegjerne i Evanger, og so ikkje eiga ein einaste meter med veg sjølve. Er det ikkje stormagtspolitikken berre i mindre utgaava slikt?

Det er synd aa segja anna enn at folk er smaanøytne, jamtyver daa. Det var so raakande soleis totte eg, det ein mann sa i sumar paa Gulbraa, øvste garden: »Hadde me havt veg upp til Nesheim«, sa han, »so skulde me vore so vel nøgde og fegne«. Dei var nøgde um dei fekk øvste vegenden burtimot halvannor mil fraa garden sin! Inkje giorde det sidan um dei laut bera hustimbret, tak-nævri, mjølsekkjerne, saltet og elles alt som til skal i eit hus heim til gards. Og kjøt og smør og ymst anna kanskje, som skulde sendast heimanfraa den same lange vegen. Det var ingen ting aa tala um daa, um dei hadde berre halvannor mil til dei naadde fram til køyrande veg. – –

No maa dei mest til Lavik. halvtridje mil umlag fyrr dei naar køyreveg; elvi, vatn og bratte hamrar stengjer. Og endaa trivst dei heime paa gardarne sine like godt, ja kanskje betre enn mange av deim som hev jarnveg, automobilveg, hestar og køyregreidor fullt upp, og attaat mykje varor til aa bruka køyregagnerne til. »Da e» nok mangt stort og gildt dar ute. Me hava frett da. Men eg hadde no ikkje vilja fara herifraa dalen kossor«, sa han Simen-Daoe paa Gulbraa. 0g mange fleire segjer visst det same.

Slike folk burde ein høgvyrda (ikkje med lange, dumme skaaltalor og skryt. Det ligg ikkje fyrr slike folk); men samfundet burde gjera alt det kunde med aa letta uppundar byrdi, som visst stundom vil verta vel tung. For slike folk hev verk i seg til aa byggja eit framtidsland dei. Var det ikkje høveleg at slike folk langt der uppe fekk eit høveleg »fjellbygdtilskot« t. d. um aaret? Ein burde iminsto gjera det ein kunde til aa berga deim, um mogeleg alle, fyr dalen deira og fyr landet vaart. Aa det hev vorte gjort fyrlite, er vel i røynde ein av dei djupaste grunnarne til at dei no sjølve hev late fraa seg mest alle fossarne til jobbarar, so kraftkjelda er i det store og heile spilt fyr dalen sine eigne ettarkomarar.

— Eg har høyrt fortalt um folket i slike fjelldalar, kva styrke dei eig og seigleik. Kven av oss vanlege folk vil ta ei 50-60 kg. paa ryggen og setja utfyre den mest stupbratte fjellbruni paa ski um veteren? Eller ganga upetter same bratte lidi paa ski med ei like stor byrda? Me vilde nok fyrr ganga paa fragtgodsen med det, og lata jarnvegsfolket og eimhesten greida det, me. Det var so mykje betre det.

Nei, du fær ikkje vera forhøvne paa slike plassar, iminsto ikkje sumarshalvaaret. Det vilde ganga ille um dei var det. Dalen kann nok kanskje finna døme paa folk som hev havt hug aa spara seg og gierne her vilja teke det, la meg segje noko paa moderne vis med arbeidet og stjornet. Men korleis hev det gjenge? Slike folk hev det gjenge attyver med. Dei hev anten lote gjeve upp eller so fare derifraa. Men mange slike trur eg ikkje der finst til vanlegt.

Vilje, trott og trauste tak lyt til. Det er gildt aa sjaa paa korleis sume kann arbeida. Dei hev slikt velsigna godt lag til det, og so snøggtenkte og paahitne i mange høve at eg mangein gong hev lote undrast. Utslaat-arbeidet i slike dalar skapar snøggtenkte folk. Eg kann godt skyna at dei paa slike stader tykkjest trengja noko mindre skuletid enn paa staden der borni ikkje får so god øving med tanken, i det daglege arbeidet. Her vil dei, um borni er med i arbeidet eller paa arbeidsstaden (og det brukar visst dei fleste) faa ei god upplæring i mangt, umedvitande, utan baade skulebænk og skulemeistar. Dei fær etter kvart uppøving i tankearbeid. Snarraaduge og gløgge folk veks der upp i slike dalar.

Eksingedalen her vore noko fyr seg sjølv. Og har er det framleides i mange maatar. Likevel kann ein merka mangt som tyder paa at »kulturen« et seg inn her og. Kaffien hev no visst vore brukt lenge. Det burde han sjølvagt ikke vore der ein hev fleire kyr og nyttar all mjølki heime. Slett ikkje tykkjer eg at han »Lars« skulde faa nokon heiderenlass paa stølarne. Men det fær han nok diverre jaa mange budeigjor no.

Og sigarettarne! Dei hev og vunne seg eit stykke upp millom fjelli. Det er vel dei velsigna handelsmennerne aa takka fyre der som alle andre stader at den apekatt-stikka hev funne fram. Gjev gutarne vilde senda henne i deim som dreg slikt heim til »de kirkestille dale!«

Og handorgli! Eller akordionspeli eller dragspeli eller kva namn dei hev daa! Eg vart baade undren og ille ved paa turen uppetter til Gulbraa i sumar, eg høyrde riksingi av eit handorgel i ei stova paa ein av øvste gardarne. Aaa, sende det paa elvi ein gong ho er skapleg stor! Kjøp so att ei retteleg god fela; det vil høva dykk. Og lat grammofonarne fara same vegen, um der er slike. Eg hev høyrt at unggutar som »hev vore i byen«, hev kome heim til dalen med slike kattalætor. De andre ungdomarne som ikkje hev røynt noko so stort som aa vera i byen eit halvt aar eller so, de burde bera slike maskinor utfyre ein av fossarne der heime, og attaat lova paa at slikt kram vil de ikkje tola uppe der millom fjelli. Slike tonar høver ikkje nokon stad; slett ikkje i ein dal som denne.

Nei, daa totte eg noko likare um det eg høyrde ein sundag i fjor sumar daa. Eg for nedetter dalen køyrande; og nett som eg svinga framum ein gard, møtte det meg ein spelande fin døla-slaat fra ei fela uppe millom runnarne. Hadde eg havt god tid, hadde eg vilja venta og lydt lenge paa den lunden; men eg maatte diverre avstad.

Felelaat fraa ein skoglund, eller fraa ein baat paa elvi, eller ein folketone sungen med dølar-røyst heime i lyden eller ute, er noko som høver. Det høyrer heime paa slike stelle og vil falla godt i den store »kyrkja« som heitar Eksingedalen.

Slike tonar maatte ikkje døy burt. Berre det ikkje hende!

I gamle dagar livde dei meir slikt millom folket, fortel dei gamle. Daa var det svært vanleg at baade unge og gamle song naar dei gjekk ute i arbeidet sitt. Antan dei so var uppe i lidi paa slaatt eller dei losta bork i bjørkeskogen eller hadde noko anna fyre seg. No minkar det med sovore, segjer dei, der som andre stadar. Men lel hev det vorte gøymt mange vakre tonar og visor der burte; tonar og visor som visst aldri vil døy.

Og forteljingskunsten og soge-framsegjingi daal Korleis hev det ikkje vore med det. Der hev vore mange som hev kunna fortalt. Godmor og mor, godfar og far tok seg mangei stund til aa fortelja til dei unge. Der vanka sogur um huldrer og tuftekallar, um jolereidar og andre store umframtfolk. Og sogor um bjørn og varg, ørn og rev som laut bita i graset fyr dei seige veidarane. Og forteljingar um merkelege folk som hadde livt, og store hendingar. Desse sogor prenta seg inn i dei smaa; og dalen og livet der vart det kjæraste dei visste paa jord. Det er difor ikkje so rart der hev vakse upp mange som hev vore hugheile naar det gjaldt heim og land.

Folk hev med retto set stort paa heimen og dalen sin. Dei hev ikkje magta aa riva seg lause herifraa, jamvel um mangt som glima, stod ute og drog og venta. Dei her livt heime og gjeve avkall mangeingong paa æra og stordom; men hev i staden vakse so mykje meir umetter, det folk til vanleg no hev korkje tid til eller tanke fyre.

Det var soleis ei preik fyr meg i sumar eg gjekk neda paa dei fine bøarne paa Gulbraa saman med han Simen-Daoe (David Gulbraa), den eldste mannen paa garden. I alt hans snakk skein det fram kjærleiken til garden. Han saag paa kvar flekken som noko stort og heilagt, noko som han aldri hadde vilja bytt fraa seg og dei han rekner til sine. Og endaa er Gulbraa ein gard der det korkje veks noko skog aa kalla, eller mognast korn paa. Det ligg for langt til fjells.

Han hadde livt i umlag 75 aar der uppe. Hadde teke mangt eit tak og stende ute mang ei frostrid; men spør honom um han hadde vantrivst! Han var so glad i Gulbraa at eg maatte verta det og. Ikkje hadde han gjenge noko skule som er aa nemna; Men lel hev eg aldri høyrt nokon
»lærd« mann kunna fortelja og ordleggja seg som han.

Og heller ikke hadde han hutla burt minnet sitt karen. Han hadde mangt aa fortelja, som ikkje hadde hendt dette aaret.

Det er aa vona at dalen vil vera ein egte norsk dal. At folket vil finna det dei treng der uppe millom fjelli framleides, at ikkje »kulturen« fær fyr godt fotfeste, og at folket vert verande der og verkeleg trivst der som fyrr; daa vil dei una og finna si lukka.

Severin Blindheim.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.