Snøvinteren 1962 – del 4-2

I dag for 62 år sidan, snøvinteren 1962. Del 4-2 – her er del 4 – oversikt – her er del 5

Bilete: Brøyte-bulldosaren i aksjon. Fotoet er utlånt av Ingvild Brønstad

I går fekk eg nokre fantastiske bilete frå Ingvild Brønstad. Dei høyrer egentleg heime i forrige del, «framhaldssoga del 4», men sidan eg ikkje hadde dei då, kjem det no her ein «del 4-2».

På Nesheim budde eit fransk par vinteren -61/-62. Dei var der for å forske på: å bu fjernt fra sivilisasjonen, å oppleve norsk vinter, å studere praktisering av gamalt bygdehandverk. På rett plass?
Ho var svanger og vegstenginga kom brått på. Baby- og ski-utstyr låg i Bergen. Planen hadde vore Kvinneklinikken der. No måtte jordmora i dalen, Frida Haugen, tilkallast. Ho tok seg på ski frå Haugen og opp til Nesheim, borti ei mil, der ho tok imot eit velskapt gutebarn den 28. januar. Dottera til Frida, Grete, hugsa at more måtte avgårde, og at folka nokre år seinare kom på besøk for å takke.

Den eine weaselen med tilhengar – jula er «påkledde» med ski.. Foto utlånt av Ingvild Brønstad

I fleire periodar var vegen stengd også i nedre halvdelen av dalen på grunn av snøras ved Vetlejord og Høvik. Weaslane måtte trå til der også, då for å frakte varer frå så-lang-bil-kunne-kome og opp til butikken på Lavik.

Brevet som Eksingedalen bondelag sende til vegkontoret sist i januar førte ikkje til noko. Fyrst etter at Bergens Tidende hadde fleire omtalar av forholda i dalen, spesielt 5. og 10. februar, kom det «tilbakemelding», då via BT intervju med vegsjef Olav Kvåle 5. og 12. februar. Det siste førte også til BT leiaren 15. februar.

Dei to weaslane utanfor butikken på Lavik. Foto utlånt av Ingvild Brønstad

Men ellers skjedde det ingenting frå vegmyndigheitene si side. Folk måtte greie seg som best dei kunne fram til vårsol i bakkane blenkte og brøyting sist i mai.

Overingeniør Ingolf Glambek testar nybrøyta veg i drosja til Johan J. Flatekvål. Ingvild med mor og bror er med. Foto utlånt av Invild Brønstad

22. februar skriv Johannes A. Lavik eit brev til avisa. Der takkar han «gode hjelparar» og nemner spesielt Evanger kommune med støtte til weaslane, og Bergens Tidende som hadde skrive om kor ille forholda var. Spesielt leiaren 15. februar der avisa tok folket i Eksingedalen i forsvar overfor vegmyndigheitene.
Dei to weaslane var etter at dei var framme på Gullbrå 13. februar i drift i omlag halvannan månad. BT melder 27. mars at dei har måtte instille.

Avslutningen, del 5 – reiseskildringa «Buss på avveie», kjem som tidligare annonsert 15. februar.

Innlegget på Facebook – her er del 5

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.