Snøvinteren 1962 – del 1

Biletet: «Bilvegen» mellom Trefall og Ekse. Faksimile frå Bergens Tidende 10. februar 1962.

I dag for 62 år sidan, del 1  (oversikt)  her er del 2

Innerst i ein fjordarm vest i landet skjær eit kronglete smalt dalføre seg 5 mil austover i fjellheimen. Menneske har klora seg fast her i uminnelege tider. Siste gongen etter at Svartedauden fyrst hadde lagt dalen aud. Fattige hardtarbeidande bønder. Mange dreg til det lova landet Amerika på slutten av 1800 talet. Men dei fleste blir.

I 1888 byrja arbeidet med køyreveg oppetter dette uframkommelege dalføret. I 1920 kan ein i avisa Aftenposten lese eit bønebrev frå ein av bøndene øverst i dalen. Det er ei bøn til myndigheitene om midlar til å byggja veg den siste mila. Fyrst i 1959 var vegen framme i det øverste tunet.

Etter kvart som gardane kan få tilkøyrd kraftfôr og kunstgjødsel tek ei ny tid til. Større avlingar, fleire dyr, større kjøt- og mjølke-produksjon, maskiner, betre levekår. Det var dette bønebrevet frå 1920 handla om. Den nye tida kom seint til dei øverst i dalføret.

På nyåret 1962 kom det meir snø enn nokon kunne minnast. I avisa Bergens Tidene sto det 2. februar å lese:«Eksingedalen snør ned».

Eg vaks opp i dette dalføret. På den tredje øverste garden, Trefall. Født i 1955. Det skjedde mykje spennande for ein 6-åring snøvinteren 1962. For dei vaksne var det nok mest bal.

Vintrane i oppveksten forbind eg med snø. Kjelke, ski, skeiser. Snøholer med stearinljos og papirsekk til dør. Og når straumen vart borte, kor koseleg det blei inne med oljelampar og stearinljos, men og kor mykje meir bal det blei for dei vaksne som måtte i floren og stella dyra. Og kor eg kvidde meg til å skulle ut i kulde og snøstorm for å gå dei 4 kilometrane til skulen. Og spenninga når vegen vart stengd av snøras i Trefallstranda rett utanfor garden, noko som skjedde ofte. Folk frå dei øverste gardane kom for å håndmåke så rutebussen kunne kome fram. Så kjekt å høyre på prat, latter og ei og anna saftig glose mens dei arbeidde. Eg gløymer aldri ein gong då han som heldt vakt ropa «no kjem da» og me sprang bortunder Båthelleren, nokre store steinar der raset aldri nådde. Og synet og lyden, «SWOSH», når det nye raset nokre meter framfor oss fylte igjen det som akkurat var måka. Så var det å ta til på nytt. Eg skjønar ikkje at me ungane fekk lov til å vere med på dette, men me blei nok passa på.

Tilbake til januar 1962 då brøytebilen måtte gje opp. Bergens Tidende 5. februar fortel litt om forhistorien: «Alt den 16. januar vart dei to øvste gardane, Gullbrå og Ekse, utan veg, og dermed var i alt 30 menneske innesnødde, fortel Johan O. Gullbrå i eit brev til Bergens Tidende. Bilane kom då ikkje lengre enn til Trefall – fem kilometer frå Gullbrå. Den 18. januar greidde ikkje brøytebilane à stanga seg fram lengre enn til Nesheim – 10 km frå Gullbrå – og dermed var 56 menneske innestengde. Den 23. januar kunne ikkje bilane ta seg fram lengre enn til Lavik – 20 km frå Gullbrå – og dermed var om lag 100 menneske utan veg.»

Tilbake til BT 2. februar med overskrifta «Eksingedalen snør ned». Her fortel vegvaktar Åsmund Nese: «Eg ser mørkt på situasjonen. No er det køyrande frametter til Lavik men lengst framme i dalen der snøjupna er minst 2.5 meter er det vanskeleg å makta all snøen. Det er varsla meir snø til kvelden, og etter alt å tru vil vegen verta stengd frå Høvik. Då vil 4.5 mil av Eksingedalsvegen verta sperra».

Etter 15. januar kjem ein ikkje fram med bil til dei øverste gardane. Frå 23. januar er dei to øverste mila av dalen stengde. Rett nok hadde dei øverste fått veg berre to år tidlegare. Men den nye tida var komen. Dei hadde anskaffa fleire dyr å metta, hadde meir smør å levere, og vant seg til at matvarene kom med «middagsbilen», den kombinerte vare og person-bussen.

5. februar 1962 kjem Bergens Tidende med ny rapport frå Eksingedalen om kampen for tilværelsen og kampen for å få vegen brøyta. Om dette i «framhaldssoga del 2»

Innlegget på Facebook – her er del 2

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.