Inlegg med stoff frå Trefallstølen. Nyaste først.
(sjå også Trefallstølen sida på den gamle heimesida mi)
Etter eit stygt handleddsbrot påført ved kråkestup øvst i Oppstemten Ulriken sist i november, blei det endeleg stølstur. Fint skarefør gjorde at skiene ikkje var med, men for sikkerheits skuld hang trugene bak på sekken på vegen opp. Jon hadde…
Det blei så tomt etter deg her oppe kjære navnebror . . .
Desse kalde dagane om hausten er ei fin stemningsfull tid. Nysnjoen legg seg sist i september for så å bli borte igjen og det blir fine oktoberdagar. Sist i oktober er snjoen tilbake, no for å bli liggjande for vinteren.…
Nokre stemnings-bilete frå vakre Trefallstølen tekne i februar 2019. Klikk bileta for større. Denne sida er sist endra
– Copyright © kaare@trefall.com 2019Då er vinteren i ferd med å feste taket på stølen. Har vore mykje fuktigheit rett før snjoen kom, så vegen opp var reine issvullen. Men nokre fine dagar no, og veldig fint i fjellet. Og greit å få sjekke…
Haust og litt snjo i lufta. Opp for å klarera for vinteren. No kan vinteren komma Øverst: Mot Midtfjellet og HorgiNederst: Vakre fargar på stien nedover Trefall over stien til Trefallstølen
Utsikt til Trefallstølen frå Holmsegga. Storhaug bak, Trefallsnovi til venstre. Vel nede på stølen.
Litt arbeid å gjere 🙂
Stemningsfullt med litt nysnjo på stølen. Ei oval helg for å gjere litt meir innadørs. Gler oss til nyåret, då blir det meir tid til å gjere ferdig det nye selet!
Våt haust. Nysnjoen ligg inne i Horgi. Kaldt sjølv med innearbeid.
Oppe på stølen igjen to veker etter påske. Litt jobbing. Blei mange fine bilete!
Oddlaug framme på stølen. Kjekt å koma opp på stølen att. Lite snjo i år. Litt fleire bilete:
Vinterstemning på Trefallstølen. Bilete er teke av broder Jon då han gjekk på ski via Gullbråholmen (sjå instagram). Klikk på bileta for å gjera dei større.
Nyaselet i snjo. Vakker søndg på Trefallstølen. Bileta er teke av broder Jon. Klikk på bileta for å gjera dei større. Sjå innlegg
På stølen i dag for å få alt i hus før vinteren. Og alt som skulle kom innandørs. Vedovnen på 75 kg sist. Så no kan snjoen koma. Surt og kalt med regn var det, snjoen låg inni Horgi rett…
Tilbake på stølen 14 dagar etter ferieslutt. Målet er å få det nye selet tett for vinteren. Etter flott innsats frå Oddlaug, Bjarte og Ragnar er me eit trinn nermare. Ny innsatsdag i morgon. Sjølv bidreg eg lite på grunn…
Sjå også Trefallstølen sida på den gamle heimesida mi!