Våt haust. Nysnjoen ligg inne i Horgi. Kaldt sjølv med innearbeid.
Trefallstølen 6. oktober 17

Våt haust. Nysnjoen ligg inne i Horgi. Kaldt sjølv med innearbeid.
Vinterstemning på Trefallstølen. Bilete er teke av broder Jon då han gjekk på ski via Gullbråholmen (sjå instagram).
Klikk på bileta for å gjera dei større.
På stølen i dag for å få alt i hus før vinteren. Og alt som skulle kom innandørs. Vedovnen på 75 kg sist. Så no kan snjoen koma. Surt og kalt med regn var det, snjoen låg inni Horgi rett innanfor stølen, og på Kvitanosi og Kjæringanosi. Godt å væra i mål for i år. Til våren skal det bli ferdig innvendig også.
Tilbake på stølen 14 dagar etter ferieslutt. Målet er å få det nye selet tett for vinteren. Etter flott innsats frå Oddlaug, Bjarte og Ragnar er me eit trinn nermare. Ny innsatsdag i morgon. Sjølv bidreg eg lite på grunn av den knekte handa 🙁