Gjestebok

Write a new entry for the Guestbook

 
 
 
 
 
 
 
* = obligatoriske / mandatory
e-post adressa blir ikkje publisert / e-mail address will not be publishd
Steinar Bungum wrote on 28. mars 2010 at 18:10
I min barndom/ungdom gjekk eg fjellet frå Framfjorden i Vik og til/frå Trefall minst 15 gonger.Besteforeldra mine budde på Lavik.Vi kom nesten alltid forbi Trefallstølen (gjekk om Gullbråholmen nokre gonger) og gjekk oftast til Trefall for å ta bussen derfrå.Dravle servert på Trefallstølen er eit spesielt minne.Siste turen min var i 1959. Ellers hugsar eg alle grindane frå Lavik til Ekse sidan eg var ivrig grindagut på Eksingadalsruta med Gunnar Nese som sjåfør.Grindaguten la også ut posten i postkassane oppover dalen.Ca.1952 henta min bestefar oss med hest og vogn på Norddalsbrua innafor Trefall så eg har kuska strekninga Trefall til Lavik også i tillegg til fleire gonger på sykkel.Simen og Lisbet Bindingsbø stoppa oss ofte.
Slekt:
Jacob Ingebrigtson Trefall (1841) vart i Amerika gift med Eli Larsdatter Bungum (1855) og dei fekk 16 born.I Amerika kalla dei seg Emerson.Oldemor til Eli var min tip-tip oldemor.Syster til Eli,Anna Larsdatter Bungum, (1832 )vart gift med Gulleik Larsson Trefall (1832 ) og dei utvandra til Amerika i 1860 frå Framfjorden.I Framfjorden var det mange gardar med folk frå Modalen og Eksingedalen.
Helsing
Steinar Bungum
2611 Lillehammer.
Please wait...