Pastor Ekse

Rev.Jakob Jakobson Ekse
I Vossingen nr. 4 1923 står å lesa:
Pastor J J Ekse fra Amerika predigede søndag 18de aug i Evanger kirke, i hvilken han var døbt. Søndag den 2den september predikede han i Nesheim kapel, Eksingedalen.

Denne artikkelen er henta uendra frå www.trefall.com/utvandring. Nytt er imidlertid tilleggsdata som kart, familiekart, og kjelder, sjølv om dei i øyeblikket er litt mangelfulle.

Jakob Jakobson Ekse f. 27/4 1860, utvandra 1882. Han dreg 21/4 1882 frå Bergen 22 år og ugift «husmandssønn» med «Allan Line». Saman dreg også systera Dortea.
I Amerika studerte Jakob frå 1883 til 89 ved Red Wing College og Seminar, og blei så prest ved Ft. Ranson, Nord Dakota til 1896. Siden var han prest i Henrichs, Minnesota. Frå 1907 var han viseformann for Hauges Synode.
Han blei gift i 1889 med Inger Sørum f. 1862, og dei dreiv og fram i Hendrichs. Kona si slekt kom frå Luster i Sogn.
I 1900 folketejinga bur Rev. Jakob Exe og Inger Exe (f. i Main) i Lake Hendrichs, Brookings, South Dakota saman med borna Justin f. 1891 (født i Nord Dakota), Josephga (?) f. 1893, Ida f. 1895 og Ingvald f. 1897.
Jakob var heime i Norge på besøk i 1923 i forbindelse med Voss sitt 900 års jubileum, noko som er å lesa om i utvandrarbladet Vossingen nr 2-3 i 1823. I den anledning finn vi han på returbåten 14/9 1923 som Mr. Riverend Jacob J Exe, prest i Amerika, skal til Hendricks Minnesota, er «US-citizen», og «Været hjemme paa besøg». Han ankjem Ellis Islan New York 25/9 med Stavangerfjord frå Stavanger.
I 1930 folketeljinga bur Jakob og Inger Ekse saman med dottera Ida fortsatt i Lake Hendrichs. Sonen Justin bur ogso der og er gift med Rose H Ekse, f. 1887 i Minnesota. Dei har borna Adelin f. 1921 og James f. 1924.

Additional data:

Kart
Forfedrar til Jakob Jakobsen Ekse
Etterkomarar av Jakob og Inger
Etterkomarar faren: Jakob & sysken
Kjelder

 


 

Denne sida blei sist endra jan 31, 2024 @ 11:30 – Copyright © kaare@trefall.com 2024