[attende] [utskriftvenlig side]

Karen og Gary Windheim

Øksendal / Trefall historiane som er fortalde her, er samla av Karen Windheim. Ho er kona til Gary Windheim, barnebarn av Kari og Rasmus Oksendal, "hovedpersonane" her. Gary er son av Anna Oksendal, tredje barnet til Kari og Rasmus, og mannen hennar, Lyman Erving Windheim. Jentenavnet til Kari var Kari Nilsdotter Trefall, dotter av Nils Jonson Ekse (1859-1938) og Anna Johnsdotter Trefall (1869-1947). Desse er Gary's og mine felles oldeforeldre.

Karen har gjort eit svært arbeide med å samla slektsdata og historiar frå begge sidene til mannen, både Windheim sida, som også er norsk og kjem frå Vindheim i Fjaler i Sunnfjord, og Trefall / Øksendal sida. Ho gav ut det ho hadde samla i bokform i 2005: "History and Genealogy of the Windheim-Pierson Oksendal-Trefall Families". Eg er svært takksam for å få lov til å bruka dette materialet på desse sidene. Og takk til Hugo Solhaug som tipsa Karen og Gary om sidene mine www.trefall.com, slik at kontakten med denne ukjende tremenningen oppstod!
Karen og Gary bur i Bend, Oregon, USA. Meir om Karen kan lesast i forordet til boka hennar (berre på engelsk).

[attende] [utskriftvenlig side]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>