[neste] [forrige] [innhald] [utskriftvenlig side]

Familiane Oksendahl i Amerika

Dei som utvandra frå Yksendal bruk 2


Innhald: [alt på ei side] [utskriftvenlig side] Innleiing, ved Kåre Trefall

I 1868 dreg den fyrste født og oppvaksen i Yksendal, Eksingedalen, Norge, Ragnhild Andersdotter f. 1837, 31 år, frå bruk 2, til Amerika. Ho er gift med Anders Davidson Gullbrå, f. 1816, og dei utvandrar frå Tistelen, Vik i Sogn. Soga deira er ikkje fortald her.

Bror til Ragnhild Andersdotter, Herlaug Anderson Yksendal (1832-1903), driv garden i Yksendalen. Han er gift med Ingebjørg Torbjørnsdatter Fjellanger (1830-1879).

20. mars 1883 dreg to av sønene til Herlaug, brørne Thorbjørn Herlaugson f. 1862, 21 år, og Andreas Herlaugson Yksendal f. 1865, 18 år, begge ugifte. Dei dreg først til Grand County, Minnesota, for så å dra vidare vestover til Dakota territoriet.

Året etter, 24 april 1884, dreg broren Johan Karl Herlaugson, f. 1867, 17 år, først til Minnesota, så vidare vestover for å slutta seg til brørne.
Om han seinare omkom i den Spansk Amerikanske krigen på Kuba, eller drukna som desertør i Amerikanarane sin kamp mot Indianarane, er uvisst.

4. mars 1902, 15 år seinare, dreg også systera til Torbjørn, Andreas og Johan Karl: Dordei Herlaugsdotter, f. 1872, 27 år, ugift.

Litt om livet "over there" til desse 4 syskena frå Yksendalen finn du her. To av brørne, Torbjørn og Andreas, angasjerte seg i politikken i sitt nye heimland.

Mora døydde i 1879, og Herlaug gifta seg då oppatt med Sigrid Knutsdatter Trefall (1847-1931).
4. mars 1902, saman med Dordei Herlaugsdotter, dreg ogso 3 av halvsysken hennar: Ingeborg Herlaugsdotter f. 1880, 22 år, Knud Herlaugson f. 1883, 19 år, og Lars Herlaugson f. 1885, 17 år. Alle ugifte.
Brore til Dordei, Torbjørn, halvbror til dei andre bruk 2 syskena, er også å finna på passasjer lista denne dagen. Han er no Amerikansk statsborgar, og har vore i heimlandet for å henta fleire av syskena og halvsyskena sine.

På same båt dreg ogso syskena Lars Nilson f. 1885, 17 år og Borghild Nilsdotter f. 1882, 19 år, begge Yksendal, og frå bruk 1. Det er altså 7 "Yksendalar" på båten som legg ut frå Bergen denne seinvinterdagen 1902.

Ein til i syskenflokken, Nils Herlaugsson f. 1886, son til Herlaug og Sigrid, dreg etter, 11/4 1905, 19 år og ugift.

Ogso litt om dei fire syskena Ingebjørg, Knut, Lars og Nils "ower there" er fortalt her.


Tatt i USA ca 1903-04. Bak fra venstre: Lars, Dordei (Dina), Knut, Ingebjørg (Ingeborg) Forran fra venstre: Torbjørn (Tom) med dei tre elste barna Ingvold, Mabel, og Ruby Andreas (Andrew) kona Sophia og sonen Arthur. Av dei omtalte syskena manglar Johan Karl of Nils.



Yksendalen i 1920 åra. Det bakerste huset er våningshuset på bruk 2. Foto ved Karen Windheim.



Yksendal i dag. Våningshusa bruk 2 i forgrunnen. Foto ved © Svein Ulvund, VossNow

Det er Hugo Solhaug som har samla desse historiane frå slekt han har kome i kontakt med i USA, etterkomarar av dei som er omtalt her. Utan hans innsats kunne ikkje "Yksendal bruk 2 til Amerika" kapittelet blitt til!!


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>