[neste] [forrige] [innhald] [hoved innhald] [utskriftvenleg]

Iver Oksendal

Prest Iver Larsen Øksendahl.
Nedteikna av Karen Windheim, Oregon, USA.
Oversatt til norsk av Kåre Trefall.
Introduksjon ved Kåre Trefall

Introduksjon:
Iver (Ivar) Larson Yksendal (1861-1928) er bror til Nils Larson Yksendal (1846-1891). Nils er far til Rasmus Yksendal. Iver drog til Amerika i 1882.
Historien:

Iver. Foto ved Karen
Iver Larson Oxendahl var født på garden Yksendal i Eksingedale, Hordaland, Norge, 9. februar 1861. Foreldra hans var Lars Nilsson fra Øvre Helland i Modalen, og Borghild Torbjørnsdotter fra Yksendalen. Dei fekk åtte born, Iver var den yngste. Den eldste broren Nils tok over familie-garen frå foreldra i 1880. Haldor og Torbjørn, dei neste to borna, gifte seg og busette seg på gardane konene kom i frå. Den fjerde sonen, Lars, hadde alt reist til Amerika i 1875. Dei tre søstrene hans gifte seg og flytta til gardane mennene deira kom frå. Igjen på garden blei Iver for å arbeida for broren Nils.
22. april 1882, 21 år gamal forlet Iver garden Yksendal og seglar til Amerila. Han gjekk i land i Philadelphia i Pennsylvania. Reisa enda opp i Minnesota der den eldre broren Lars hadde slått seg ned.

Som søskena starta ikkje Iver med gardsbruk, eller farming som det heitte her, men valgte å tena Gud i staden. Etter å ha gått to år på Luther College i 1893, var han lærar på ein sokne-skule i Kasson, Minnesota fra 1885 til 1889. Han starta sin teologiske utdanning på Luther Seminary i 1889 og gjekk ut derifrå som 'candidate in theology' i 1892. Året etter blei han 13. mai 1893 borgar av De forente Stater, i Eddy County, Nord Dakota. Kvifor han drog til Nord Dakota er ukjendt. Iver gifta seg med Tora ? i 1885. Utan å ha funne dokumenter som viser dette, og sidan han tok utdanninga si i Minnesota, må han ha gifta seg mens han var der. Etter at dei flytta til Nord Dakota busette dei seg i Antelope Valley området i Benson fylket.

Som teologisk student blei Iver beden om å hjelpa å tena i menigheita i Antelpe Valley. Våren 1983 blei han tilsett som pastor i menigheitene i kjyrkjene St. Olav, Viking, og North Viking.

Pioner-prestane i denne delen av Nord Dakota tente i svært store område som dekka tre fylker, Ramsey, Benson og Wells. Vanskane var mange i tenesta i desse grisgrendte strøka. Sjølve reisinga var i seg sjølv eit problem i alle årstider. Vegane var vanskelege å finna, og gjennom den lange vinter månadane blæs stormane snøen i svære fenner, og vegane var svært vanskelege å finna fordi alle landemerke var tildekka, til og med nybyggjarane sine heimar var tildekkka av fenner. Og sommaren bragte støv og søle på vegane. Årstid inn og årstid ut held Iver fram for å bryta livets brød hos sjuke og døande, og bringa tru til tvilarar og vantru. Pioner-presten var både omreisande predikant, pastor og evangelist. Han var fast i trua, klaga ikkje på sitt harde kall, og var villig til å dela livet ved denne religiøse fronten med folket han tente. Etter å ha tent i 16 år var helsa til Iver ødelagt, utvilsomt som fylje av den strabasiøse pioner gjerninga. Han var ein stille, enkel person, som vann kjerleik og respekt fra alle han tente. Det kan i sannheit seiast at han gav sitt liv i kjærleik som tenar for samfunnet og kjyrkja.

Mens han tente som prest, blei han også farmar. På land-kontoret i Devils Lake 20. juni 1896 fyllte Iver Oksendahl fra North Viking, Benson fylke, Nord Dakota, ut sine første søknad om land, E 1/2 og SW 1/4 og lotta 3 & 4 av seksjon 31 i "township" 152 av "range" 69, som strakte seg over 157.63 acres prerie land, for 14 dollar. 15. august 1896 busette Iver seg på jorda si og starta å dyrka. Han byggde eit gardshus 14 x 28 x 12, eit fjøs 24 x ?6 x 14, ein kornlåve 16 x 24 x 6 og ein brønn. Han verdsatte heile plassen til 1.650 dollar i 1903 da han søkte om overtagelse. 11. april 1903 søkte han retten sin til å overta jora. Vitna hans var Lars O. Larson, Ole Holdal, Bent and Christian C. Wesby, alle frå Maddock. Dette var hans vitne på at han, kona og dei tre borna deira kontinuerleg hadde dreve jorda. Han oppgav også å ha dyrka 10-140 acres og hadde reist 6 "crops". Det endelege sertifikatet, nr 6944, blei fyllt ut 1. juni 1903 i Devils Lake for eit gebyr på 2.95 dollar. "Skøytet" ser datert 5. mai 1904.

Ivers kone Tora levde i to år til, og døydde 4. november 1906. Ho blei lagt til kvile på North Viking kjyrkjegard. Ho forlot Iver med tre små jenter, den yngste på 6 år. To år seinare gifte Iver seg med Marine ? og flytta med familien til Livingston Bay, Island fylke, i staten Washington. Der blei han mjølke-bonde. På kjyrkjegarden North Viking ligg det begravd ei barn Oksendahl født 1908, død 1909. I 1910 folketeljinga oppgjev Iver og kona at det var født eit barn, som litt etter døydde, dette kan væra barnet på kjyrkjegarden. I så fall reiste dei til Washington litt etter at barnet døydde i 1909. Iver er å finna i 1920 folketeljinga, mens berre kona var å finna i 1930 teljinga, så vi antek at Iver døydde ein eller annan gong i mellom 1920 og 1920. Der er ein Oksendahl gravstein på "Our Saviour Lutheran Cemetery" ("Vår Frelsers Lutterske kjyrkjegard") i Stanwood, Snohomish Co., Washington, men den er utan fornavn og datoar.

Constance Oksendahl, Iver og Tora's første barn, blei gift med Shelton Yates, og budde i Seattel, Washington. Ho døydde i 1973 og Shelton i 1984. Constanse testamenterte ved sin død 25.000 dollat til meinigheitane i North Vikinga, Viking og St. Olaf, til minne om faren Iver.


Familien Iver Oksendal i Amerika. Foto ved Karen

[neste] [forrige] [innhald] [hoved innhald] [utskriftvenleg]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>