[English version] [heim] [neste] [utskriftvenlig side] [gjestebok]

Frå Eksingedalen til Amerika

Innhald: ............................................................. [alt på ei side] [utskriftvenlig side]
[heim] [gjestebok]


Levealder og folketal auka. Det blei overbefolka på garane. Så dukka rykte om "det lova landet" opp. Frå 1825 til 1930 emmigrerte meir enn 800 000 nordmenn til Amerika. I 1929 blei det innført innvandrings kvotar. Norge fekk tildelt 2377 for året.

I min barndom kom det eit og annan brev med rare frimerke på, i postkassa burtpå mjølkerampen. Då var det bestefar som fekk Amerikabrev frå syster si. Ho drog nygift til Eventyrlandet, til Nord Dakota, i 1913, og såg aldri heimladet att. Men brevet kunne også væra til bestemor, bror hennar drog og til Amerika, han busette seg i Kanada.

Frå Eksingedalen drog mange. Mange drog etter, til onklar og sysken som var reist tiår før. Andre kom attende etter ei tid. Somme for å henta seg kone og dra bortatt. Ein av dei som drog frå Trefall høyrde ingen nokonsinne meir i frå.

Frå eg la ut Trefall-sidene våren 2004, har eg hatt historia om dei som emmigrerte frå dalen i bakhovudet som eit mogeleg tema. Og so, plutseleg låg det ei melding i gjesteboka, frå ein ukjendt tremenning, frå Gary og Karen Windheim, i Oregon, USA. Magien med Internett. Så byrja desse emmigrasjons sidene å gro fram.

Desse sidene er om dei som drog ut i det ukjende, om kvifor og kvar dei drog, og om livet "over there".
...................................................



Osen på Flatekval i Eksingedalen. Foto Kåre Trefall.


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>