© www.eksingedalen.net

Gjestebok.

[English version] [om] [utskriftvenlig side]

Velkomen til Trefall sida

Ny Trefall-side er i ferd med å gro fram: trefall.com/blog

Dette er ei side om garden eg kjem frå: Trefall, og om andre stadar i det vakre dalføret Eksingedalen.
Aktuelt stoff:
Min nettside
Trefall er tredje øverste garen i dalen. Det seiest at Ekse, den nest øverste garen, blei busett først. I soga om Olav den Heilage i Snorre står det å lesa om skaldane Gissur Gullbrå og Bjarne Gullbråskald, dei var begge med i slaget på Stiklestad i 1030, og det seiest at ein av dei, eller kanskje begge, kom frå den øverste garden Gullbrå. Fyrste gong Trefall er nemd i skriftlege kjelder er frå rundt 1640, "plassen der trer låg falne, fellt av storm eller alder". Bilvegen kom opp hit i 30-åra, og blei ståande her eit lite tiår på grunn av krigen. Før bilvegen foregjekk store deler av fredsla til omverda over Nærafjellet frå Nesheim til Brekkus i nabodalføret, vidare til Evanger og Vossebygdene. Målføret dei gamle tala var difor det vi i dag forbind med gamalt vossamål (vossamaol). Elektrisitet kom til garden i 1955, og telefon om lag på same tida. Hest var framleis arbeidsredskap på garden til opp mot slutten av 60-talet. Trefallstølen blei brukt på gamlemåten til i 1967, som ein av dei siste i dalen.
(fleire panorama bilete)

Historiar og biletseriar frå Trefall (klikk på bileta under):

Kari's historie, om livet på Trefall mellom 1893-1913 Bilete frå garden slik den såg ut omlag på 1950 talet
Far's historiar om livet på Trefall Trefall sett frå Geitanesberget og Trefallnovi 2002
Trefall sett frå Åsen og Trefallstrada 2002 Trefall (mest bruk 2) 30.10.2005
Haust på Trefall 2006 Trefall jolafta 2006
Påka 2008 Trefallsnovi august 2008


3D kart over Trefall (sett i same retning som bakgrunns-biletet):
[fleire 3D kart]


Anna innhald på desse sidene (klikk på bileta under):

Trefallstølen Andre stølar i Eksingedalen
Andre stadar og turar i Eksingedalen Flyet på Kvitanosi
Utvandring frå Eksingedalen Gjestebok

[attende]

Fleire Trefall 3D kart (lenger ned på denne sida nokre Eksingedalen 3D kart):
(klikk på biletet for å gjere det større)

Copyright © kaare@trefall.com 2004-2009







Nokre Eksingedalen 3D kart:











[attende]

[attende] [utskriftvenlig side]

Far's historiar

Om livet på Trefall
Skrevet etter forteljingar av Håkon Trefall
Nedteikna av Kåre Trefall

Introduksjon:

Far gjekk bort 9. april i år (2011) 87 1/2 år gamal. I første omgang kjem nokre historiar eg tok opp for omlag 2 år sidan.
Historiar:


Om kalvekastings epedemien på 1930 talet.
Ca 1933 herja ein smittsom kalvekastings epedemi over Vossebygdene. Sikkert over heile landet. [Min kommentar: i perioden 1935-53 var det ein kampanje for å utrydde Brucellose, som sjukdomen heiter, og etter dette blei den erklært utrydda i Norge.]
Eg var liten gut då. Eg hugsar me kom over kadavra av dei for tidleg fødte kalvane når me gjette. Me hadde 6 kyr. Dyrlegen tok blodprøvar for å konstantera om eit dyr hadde blitt smitta eller ikkje. Dette pågjekk i 3 år, og det var nervepirrande å venta på resultatet. Var dyret smitta måtte det avlivast. Dette var ein katastrofe for mange.
Dei to andre bruka hadde smitta dyr. Men ikkje me. Det var ei stor påkjenning for naboforhalda omkring i bygdene. At våre dyr ikkje var smitta vart gjenstand for mistanke og naboane byrja å spekulera i om me hadde fenge dyrlegen til å juksa med resultata. Så var det dette med å sleppa dyra på beite saman. Kunne deira friske dyr gå saman med våre? Nei, det blei mykje ilt i naboforholdet på garen desse åra.
Dei som ble ramma, og det var dei fleste buskapar, og måtte slakta ned, hadde harde tider, levebrødet deira heldt på å forsvinna.

Om leigekyr på stølen.
Det var på denne tida at det blei slutt på leigekyr på Trefallstølen, for å utelata ei mogeleg smittekjelde. Før den tid var det leigekyr frå Mæstad i Teigdalen på stølen. Leiga var 1/3 til halvparten av drotten, mjølka. Dette blei utrekna og fordelt når smøret blei levert. For produktet som det blei inntekt av var smør. Dette blei kinna på stølen, og bore til Evanger for salg.

Som buddeie balt.
Me ungane hadde som oppgåve når me var på stølen å samla inn kyrne å ta dei heim til sæla så dei kunne mjølkast. Hyrekyrene var ikkje vande med stølen slik våre eigne kyr var, så dei blei gånde for seg sjølve. Dette førte ofte til mykje meirarbeid i innsamlinga. Eg har springe Kvanndalen langsetter mange ein gong på grunn av dette. Dei var og fæle til å dra langt, som inn på Valmyrane, elle ut mot skard det det var fårleg å gå for dei. Der ute sto eit gjerde som forhindra at dei kom seg for langt utpå.

Mjølkeforedling på stølen.
Elles blei det koka prim, eller sureprim, på stølen. Dette blei pålegg utover vinteren, og det stod seg godt. Sirup og sureprim var det me måtte eta på brødskiva. Arne på Brakestad var svært glad i sureprimen til mor, og kom ofte for å kjøpa. Her kjem Brimdelingen din, sa han til mor når han kom i dette ærend.
Det blei av og til koka brunost. Mor hadde osteform på stølen som då blei tatt i bruk. Ho kunne dette med ostekoking før ho kom til Trefall. Brunost var festmat! Ellers blei det laga gamalost. Den låg til modning i sengehalmen i senga mor hadde i sælet på stølen. [Dette hugsar og bror Ragnar.] Dette var mest til heimebruk, men litt av denne bli og seld. Eg hugsar ein gong far hadde med seg 3 gamalostar til Evanger. Han kom heimatt med alle 3, dei ville ha gamalost denne gongen.
Kvar fredag koka mor dravle. Ho kom heim med den på laurdagsmorgonen, ho gjekk ned og opp frå stølen for å delta i arbeidet heime. Dravlen vart då helgematen vår, og me syntest det var godt. Nils på Nesheim kom ofte og besøkte meg om laurdags ettermiddagen og ville ha dravle. Og dravle fekk han.
Når det gjaldt smør, blei det meste seld. Til husets behov blei det kjøpt margarain. Margarinen var mykje billigare, så det var ein måte å tena nokre kroner ekstra på.

Litt om rjupe som mat.
I løpet av vinteren var det mykje småvilt innom heime. Mest rjupe fanga i snåre. Men av dette skulle ingenting etast, sjølv om det var god mat. Det skulle seljast. Eg har smaka rjupe ein gong. Det var far som hadde sett snårer bortante som vanleg. Så blei det eit forferdeleg uver som varte og rakk. Då det gav seg drog far av stad for å sjå om snårene. Dei var vanskelege å finna att. Han fann rjuper i enkelte av dei snårene han fann. Det var no lide over den tida det var lov å fanga rjupe, så han våga ikkje selja dei. Mor hadde jobba på Hotell Hordaheimen på Voss i sin pure ungdom. Der hadde ho lært å ribba og tilbereida rjupe. So no laga ho til desse. Det var veldig godt hugsar eg.

[attende] [utskriftvenlig side]

[attende]

Kart og høgdeprofil for Eksingedalen


større


Høgdeprofil:

[attende]

Panorama bilete frå Trefall og omegn

[attende]

DNT turkart over Stølsheimen

Frå Den Norske Turisforening sine sider

[attende]

Trefalls været


[attende]


Innhald:
  • Føreord
  • Natta da Boge Mølle brente, Dagny Nordmark
  • Markaslått i Slåttøyane, Margot Langhelle
  • Bryllup på Dale i 1920-åra, Astrid Øvsttun
  • Flyet på Kvitanosi, Kåre Trefall
  • Vegane til Gulating, Aage Lavik
  • Dale Skyttarlag, Harald Dale
  • Jul i Hesjedalen, Bjørg Berge
  • Påske meg her og påske meg der, Leif Inge Eide
  • Bruvik kyrkje, Jan Kåre Stokke
  • Eidsfjord skulekrins 1946/47, Åse Eikemo Strømme
  • Skuleruta til ein omgangsskulelærar, Åse Eikemo Strømme
  • Tidlig morgen, Liv Anny Sæterdal
  • Illegimitet på Veo på 1700 talet, Kenneth Bratland
  • Næringslivet i bygda Vaksdal, Øivind Olsnes
  • Kong Oscar II i Bergsdalen, Maya M. Abbedissen
  • Barneminne frå krigen, Manfred Marx
  • Oversikt over tidligare utgåver

Utgjevar/Utformar: Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam

[attende]

[English version]

Trefallstølen

Min Trefallstøl: Å gle seg til laurdag etter onna, til å gå opp Fribakkane saman med far, mor og sysken, opp på stølen til bestemor som var budeie der. Rett nok kom ho heim om dagane og var med i onna. Men ikke i dag. I dag var ogso bestefar reist opp. Og å sovna til suset av Storegroa i senga saman med mor. Og å vakna, høyra klangen av bjøllekyra, og klangen av mjølk som blei mjølka i bytte, og lyden av kyrne klø seg inntil selsveggen. Og senare summinga av seperatoren og dei regelmessige plinga som fortalde om rett sveivefart. So ut å leika i fossen i Veslegroa. Byggja dam. Få den vesle kvernkallen til å sviva. Eller inn i Kvanndalen å fiska med far. Han med oter vandrande rundt Nestavatnet. Og den gilde veka rett før skulen starta. Heile veka på stølen. Med den runde store seinsommarr- månen over fjelltremmene. Saknet var der alt på veg nedatt Fribakkane. Heimatt for i år. Snart skulle kyrne buførast nedatt, til haustbeite på Nordalen.
Desse, og mang andre gode minner frå den tid det forsatt var gamaldags stølsdrift her gjer at stølen er blitt ein spesiellt kjær plass i alle år sidan. Minner frå den tid det enno var liv laga for folk i utkant Norge. Før me blei so rike at me blei fattige. Eg må liksom opp dit når eg er på besøk heim. Har ikkje vore ordentleg heime utan.
Kjem etter kvart med litt fakta-materiale frå stølsdrifta, og med fleire biletseriar frå notid og fortid.


Biletseriar frå Trefallstølen og turar dit (klikk på bileta under):
(her all med turbeskrivelse, her desse i utskriftsvenleg utgåve, fleire kjem)
Bestemor er budeie, seint i 1950
eller tildlig i 1960 åra
Vakkert vintervær 27.02 og 01.03.2003
Endå vår 14.06.2003 Haust og snjo 01.11.2003
Første turen dette året (påska) 05.04.2004 Påske, snjo og sol 08.04.2004
Via Skarahammaren 26.06.2004.
Med turdata
Opp Fribakkane i regn 18.09.2004
Haust og nysnjo 13.11.2004 Vinter på Stølen 20.02.2005.
Med turdata
Påske på stølen 21.03.2005 Sommaren 2005
Lite snjo på stølen i vinter,
25.03.2006
Påska 2006
Vår på stølen 17.06.2006 Sommaren 2006, støl og stølsveg
Haust på stølen 23.09.2006 Vår 2007
Sommar 2007, 12. juli. Haust 2007
Påska 2008, 24. mars. Vår 2008, 14. juni
Februar 2010 Oktober 2010

[attende] [utskriftvenlig side]

Opp på Trefallstølen på ski søndag 20. februar 2005.
Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Turen gjekk opp Kyratoni, som er den austre delen av turen vist på kartet. Dette er "buførevegen", men også ofte lettaste vegen opp om vinteren. Nedatt Fribakkane, den vanlege stølsvegen, og den som blir merka til påske (DNT løypa til Sælhamar).

Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå større versjon.
Det var svært tung og djup før. Leif hadde gått her for omlag ei veke sidan, men alle spor etter han var borte. Det kom omlag 20cm nysnjo fredag, og det låg mykje laussnjo frå før. Men verdt slitet i det vaker vinter-været!

[attende]

På ski til Trefallstølen opp Kyratoni (austre løype), nedatt Fribakkane.

Høgdeprofil for turen. Start 547 moh, høgste punkt 754 moh.

[attende] [utskriftvenlig side]

Opp på Trefallstølen via Skarahammaren 26.06.2004.
Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Turen gjekk opp Skarahammaren, som er den vestre delen av turen vist på kartet. Vidare til Trefallstølen. So via Flathaugen opp på Holmsegga. Derifrå ned i "Skidals kjeften". Hadde det vore vinter og snjo vill turen fortsatt ned Skidalen. Men på sommarstid er det finast å gå bort i vegen til Gullbrå Holmen. So ned denne til "Storevegen" på Hagaleite. Og nedatt til utgannspunktet i Røyrdale.
Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå større versjon.

Vegen opp har eg gått ein del i ungdommen. No er den tilgrodd og vanskeleg både å finna og å gå. Og bratt og tung i tillegg.
Eg starta vegen opp i slåttene i Ryørdalen, rettare i Ryørdalen "vår". Første biletet er av utløa som framleis står. Denn var eg med på å "stappa" i barndomen. Høyet vart henta heim om vetteren. Det var mange slike utløer å sjå før, no er denne ei av dei få som står att.

Vidare går vegen opp på Gamlaløtuftene, ei slåtte som ikke lenger var i bruk i mi tid. Herifrå er det tilgrodd og vanskeleg å ta seg fram oppover. Ein må halda langt nok til høgre oppunder berget for ikkje å "gå seg fast". Det er berre ein veg opp. Forbi brattaste "knipet" åpnar det seg opp, og ein kjem opp på Skarahammaren. Ut hit beita kyrne frå inne på stølen. No går turen vidare i lett terreng ned dalføret som fører ut i Skard frå stølen. Ein kjem ned til "Sjursælet".

Turen heim går inn om Flathaugen, vidre opp på Holmsegga. Rett før oppstigninga til Holmsegga passerar ein ein liten heller der det ligg nokre konteinara etter et flyslepp med våpen og utstyr til heime-styrkar i vestlandsfjella under andre verdenskrig. Sleppet vart gjordt for langt nord, det skulle eigentleg vore ved Volavatnet (sør for Kvitenosa) til "Bjørn Aust" styrkar der. Desse konteinarane var sleppte i Rjupeskard (skardet over frå Uradalen til Fagermyr, innafor Horgi). Det var bestefar som bar dei heim til denne hellaren.

Oppe frå Holmsegga er det vakker utsikt mot Gullbrå Holmen. Denne ruta frå stølen opp på Holmsegga og vidare ned i dalen er spesielt fin på ski. Då tek ein ned Skidalen. Men no sommarstid går turen bort i vegen (eller rettare buførevege) til Gullbrå Holmen. So ned utpå den høge kanten mot Kvannafossen ned den bratte lia til Hagaleitet og Storevegen (bilvegen).

[attende]

Start i Røyrdalen (1), opp på Skarahammaren (2), til Trefallstølen(3).
Heimatt over Holmsegga (4), ned i Holmsvegen (5) og ned på Hagaleitet (6)
(tal-referansane er vist på kartet under og på høgdekurven nederst).

Høgdeprofil for turen. Start 539 moh, høgste punkt 852 moh.

[English version]

Andre stølar

Frå Gulbrå ned til Eikefet høyrer det støl til kvar gard. Dette blir 18 stølar. Pluss at fleire gardar i Eksingedalen har fleire stølar, som Brakestad med Brakestadstølen og Øvstestølen. Øverst i dalen ligg det også Vossastølar heilt innpå dalen, som Ekses Torvedalen.

Desse små perlene, både når det gjeld naturoppleving og når det gjeld kulturhistorie, er vel verdt eit besøk. Og ikkje minst er sjølve stølsvegane fasinerande. Tyngre bører enn ein liten tursekk med niste er nok frakta her.

I regi av områdeplanen i Eksingedalen 2003 er "gløymde" stølsvegar rydda og alle stølsvegane merka, ogso med skilt der dei startar ned i "storevegen". I tilegg blei det laga ein informasjons-folder for kvar støl - ein godt sjult skatt bortsett frå dei som oppdagar stativet "bak døra" på butikken i "Lavikjene".

So langt finn du på denne sida biletseriar og turbeskrivelsar for eit knippe av dei stølane som ligg øverst i dalen. Målet er å få med alle, pluss og fylla på med meir om den enkelte. "Min støl", Trefallstølen, har fått si eiga side.


Biletseriar frå andre stølar i dalen og turar dit (klikk på bileta under):
(her all med turbeskrivelse, her desse i utskriftsvenleg utgåve)

Nesheimstølen 27.06.2004
(med turdata)
Brakestadstølen og Øvstestølen 20.07.2004
(med turdata)
Til Holmen opp frå Gullbrå "gamlevegen" 23.07.2004
(med turdata)
Eksestølen og Torvedalen 22.03.2005
(med turdata)
Bergostølen 09.08.2005
(med turdata)
Bindingbøstølen og Yksendalstølen 16.08.2005
(med turdata)
Flatekvålstølen 27.07.2006 Fossestølen 10.08.2006
Nesestølen 14.08.2006

[attende] [utskriftvenlig side]

Til Gullbråholmen opp frå Gullbrå "gamlevegen". Turen går vidare derifrå over Holmsegga til Trefallstølen og nedatt Fribakkane.

Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå fleire kart og kurvar i større versjon.
Meir beskrivelse av turen kjem straks.

[attende]

Opp frå Gullbrå til Holmen:

Heile turen:

Høgdeprofil for turen. Start 574 moh, 948 moh som høgaste punkt over til Holmen, Holmen på 770.
Over Holmsegga 880 moh, til Trefallstølen 733 moh. Nedat Fribakkane til vegen på 560 moh.

Det meste av turen i litt større versjon.
Høgdeprofil frå oppgongen på Gullbrå til nedatt Fribakkane:

[attende] [utskriftvenlig side]

Til Brakestadstølen, vidare opp til Øvstestølen. Vidare inn forbi øvsta Blåvatnet og inn i Trodladalen. Heimatt same vegen.

Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå større versjon og høgdedata.
Meir beskrivelse av turen kjem straks.

[attende]

Til Brakestadstølen, vidare til Øvstestølen (Martastølen på kartet).
Så forbi øvsta Blåvatnet og inn til Trodlavatnet.

Høgdeprofil for turen. Start på 490 moh.
Brakestadstølen på 674 moh, Øvstestølen på 785. 917 moh ved Trodlavatnet.

[attende] [utskriftvenlig side]

Til Nesheimstølen. Heimatt same vegen.

Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå større versjon og høgdeprofil data.
Meir beskrivelse av turen kjem straks.

[attende]

Opp til Nesheimstølen, opp frå "vegen over fjedlet".

Høgdeprofil for turen. Start 455 moh, Kvilet 635 moh, høgste punkt 678 moh, stølen på 665 moh.

[attende] [utskriftvenlig side]

Frå Ekse til Eksestølen, vidare til Torvedalen.

Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå større versjon og høgdeprofil data.
Meir beskrivelse av turen kjem straks.

[attende]

Frå Ekse til Eksestølen, og vidare til Torvedalen, om vetteren.

Høgdeprofil for turen.

[attende] [utskriftvenlig side]

Frå Indretjødna til Bergostølen, vidare ned Skreiingsbrekko til Bergovatnet, oppatt Brattefonnskaret til Bergostølen og Indretjødna.

Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå større versjon og høgdeprofil data.
Meir beskrivelse av turen kjem straks.

[attende]

Frå Indretjødna til Bergostølen og ned Skreiingsbrekko til vatnet, oppatt Brattefonnskaret.

Høgdeprofil for turen.

[attende] [utskriftvenlig side]

Opp til Bindingbøstølen, vidare over til Yksendalstølen. Tilbake same vegen.

Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå større versjon og høgdeprofil data.
Meir beskrivelse av turen kjem straks.

[attende]

Opp til Bindingbøstølen, vidare over til Yksendalstølen, tilbake same vegen.

Høgdeprofil for turen.

[English version]

Andre stadar og turar

Så langt kan det verka som om det berre er Kvitanosi som er staden og turalternativet i Eksingedalen. Dette er sjølvsakt ikkje slik! Mange flotte stadar, og sykkel og gåturar er å finna i dalen og omegn. Etter kvart vil fleire av dei dukka opp her!!


Biletseriar frå andre stadar og turar i Eksingedalen (klikk på bileta under):
(her alle med turbeskrivelse, her desse i utskriftsvenleg utgåve, fleire kjem)

På sykkeltur inn Norddalen opp i Holskar ca 1100 moh 18.07.2004 Kvitanosi frå Gullbrå, via Kjæringanosi, "flyet", og heimatt Sødalen 21.07.2004
Påsketur til Kvitanosi frå Gullbrå 27.03.2005
Med turdata
Flyvraket på Kvitanosi 31.08.2005
Vinningsleite, Kristnipa, Kvitanosi, Gullbrå 13.08.2005
Med turdata
Nesten Kvitanosi frå Volakroken 17.09.2005
Med turdata
Kvitanosi via Eksestorvedalen og Dyratoni 17.08.2006 Nesheimstølen - Eksestølen 13. juli 2007
Med turdata
Kvitanosi 9. oktober 2010
Kvitanosi 6. september 2012
Opp frå Våla.

Litt om "flyet" på Kvitanosi

[attende] [utskriftvenlig side]

Frå Gullbrå til Kvitanosi første påskedag 2005.
Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Ein strålande dag. Turfylgje hadde aldri vore her før, og let seg inponera!
Etter å ha surra med "Kvitenos sida" hadde turen denne gongen det "målet" å fotografera frå "flyet" på vinterstid. Sjølve flyet ville nok væra nedsnjoa. Men sidan dette hende midtvinters ville det vore kjekt å sjå plassen også på "rett årstid". Til lokalisering av plassen skulle GPS-en brukast. Koordinata var behørleg registrerte i fjor sommar.

Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå kvar ruta gjekk.
Etter ei rast på Kyrafjellet og fotografering av Kjæringanosi, og Dyratoni mot Torvedalen der dei overlevande sansynlegvis tok seg ned, gjekk turen vidare til toppen på 1433 moh. Ei oppleving å sitja her å sjå utover det vakre vinterlandskapet. Lønahorgi i sør, Eksingedalen i nord og nordvest.
Turen gjekk so vidare til flyet, som no sjølvsagt var nedsnjoa. Det ligg 855 m i luftlinje frå toppen, peiling 350 grader, dvs 10 grader til venstre for "nordvest". Høgde 1342 moh. Posisjon (WGS84): UTM: 32 V 349779 6741228, bredde/lengde (gg mm ss.s): N60 46 41.1 Ø6 14 28.3. Ein ser ikke denne staden frå toppen då det skrånar litt vestover ut mot kanten.

Turen til Kvitanosi er liksom "Skituren" med stor S i Eksingedalen. Turen tek ca 3 til 3 1/2 time opp og 1 til 1 1/2 time nedatt. Eg snakka med ein som kom frå Vosse-sida. Han hadde brukt 5 timar frå Bavallen.

[attende]

Til Kvitanosi frå Gullbrå om vetteren.

Høgdeprofil for turen frå brua på Gullbrå, til toppen, vidare til flyet, og nedatt i same veg som opp.
Start 570 moh. Kyrafjellet 1223 moh. Toppen 1433 moh. Flyet 1342 moh.

[attende] [utskriftvenlig side]

Vinningsleite, Kristnipa, Kvitanosi, Gullbrå 13.08.2005.
Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Denne turen starta på opp Vinningsleite frå vegen over Nesheimsfjellet. Eg hadde fått turen anbefalt av Trygve Nilsen som hadde gått den før i sammar. Eg visste om den merka ruta som kjem opp på sør-vest sida av Kvitanosi rett opp til flyvraket. Eg visste den kom nede få Vola sida, og hadde "merka av" staden der den klatra seg opp om kanten. Turen mellom Vinningsleite til eg fann der eg trudde vegen tok seg opp var heilt ukjendt. Eg hadde lagt opp ruta på kartet på førehand og lasta den opp til GPS-en, og dette blei ogso ruta eg fylgde.

Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå kvar ruta gjekk.
Meir beskrivelse kjem ..

[attende]

Vinningsleite, Kristnipa, Kvitenosi, Gullbrå.

Høgdeprofil for turen.

[attende] [utskriftvenlig side]

Frå bilvegen inne i Volakroken rett nedanfor dammen, mot Kvitanosi.
Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Etter som eg bur i Kongsberg, tek eg av og til ei ekstrem-veke lenger vest. Og denne veka i september 2005 var ekstrem. Ekstremt når det gjeld nedbør!! I Fana rauk det med menneskeliv. Der eg var var, var det ikke verre enn stengde vegar. Dette var tysdag og onsdag. No var det blitt laurdag. Veret var betre enn på lenge.
Men me var litt seint ute. Kl 13:20. To hyggelege damer forklara oss retninga mot Kvitenosi etter at me hadde parkerte etter ein svært vakker biltur frå Brekkhus til Volakroken rett fø dammen. Og me la i veg.

Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå vegen.

Ned frå bilvegen kryssa med elva. Jakttid no, fleire telt og kamping-bilar i dette ærend sto parkert langs ein kjøyrbar veg som svinga seg ned her. Ein tydeleg sti svinga seg opp til høgre for elva som kjem ned Snjodalen. Og snart var me oppe i Snjodalen. I dag passar navnet. Det er byrja og snjoa.

Framfor oss ligg Kvitanosberget, og me skal ut til vinstre. Me vel å gå til høgre opp snjofonna som ligg der i frå i fjor. Vel oppe går det skrått nedover. "Ja men her skal det skrå oppover og nordover, ikke bratt nedover" seier eg. Eg har glømt bort Bjørndals-kjeften. Då eg var 15-16 år kom eg frå Ekse opp via Torvedalen og Toni hit saman med Jon, yngste bror min. Me låg i telt her i Bjørndals-kjeften, og gjekk vidare via Kaldavatnet og havna opp neste natt i telt på Tvinde-stølen. Men dette var "mannsaldrar" sidan no ...

Ned lia, kryssa "Bjørndals elva", og opp ei bratt li på andre sida, og brått var me der eg tudde me skulle væra i stad: eit svakt stigande dalføre nordvestover. GPS-en fortalde at me gjekk rett mot vegen opp til flyvraket som eg hadde kome i sommar. Då via Vinningsleite og Kristnipa. Denne vegen er godt merka med raude sirklar. Men no låg det 3-4 cm med nysnjo, så sti og merking var vanskeleg å sjå.

Skodedde var det og, og brått dukka det opp to jægrar ut av denne skodda. Forblåste lura dei fælt på kva me gjorde i fjellet utan våpen, den eine med ei rjupe hangande bakpå sekken. Det var finare før i dag, sa han. Han lura litt på vegen, dei hadde bilen same stad som oss. Me forklarte det beste vi kunne.

Me fortsatte vidare. Vinden hadde me i ryggen, so at dei me møtte såg so forblåste ut skjøna me førts då me snudde oss. Og vinden hadde gradvis auka på etter kvart som me kom høgare. Me var oppe eit stykke over 1200 meter no. Flyvraket ligg på 1330-40 meter. Vinden auka på, og sikta minka. Og klokka gjekk. Stopp og diskusjon. Tok me til vit snudde me. Me tok til vit.

So tok me til å fylja spora våre tilbake. Så lenge dei ikkje var blåst att. Men å snu utan forretta sak var hardt! Einaste trøysta var at resten av stien opp på Kvitenos-platået hadde eg gått ein gong før. I sommar då eg kom frå vegen over Nesheims-fjedlet, via Vinningsleitet og Kristnipa. So no hadde eg "full kontroll" på vegen opp frå Volakroken ogso (sjå kartet til høgre over (klikk på det)).

Etter kvart som me kom lågare løya vinden. Skodda letta litt så tilbake i Bjørndals-kjeften såg vi nedover den bratte ville Bjørndalen. Vi stogga der stien kryssa elva. Fram med parafin-brennaren, og nok vatn til to "Mr Lee" blei koka opp. Eit herremåltid! Avslutta med sjokolade og kaffi. Litt depping over at målet ikke blei nådd, men turen var trass alt behørleg regisstrert og kartlagd via GPS-en.

Vel Nede ved bilen viste "bil termometeret" 2 gradar. Godt å få på seg tørt tøy!

[attende]

Forsøk på Kvitanosi frå Volakroken.
Slik blei turen:

Itensjonen var å gå opp til flyvraket, men snjostorm stogga dette:

Her turen vist i forhold til ein tur frå Nesheimsfjellet, ogso vist med bilvegen inn via Brekkhus/Århus:

Høgdeprofil for turen Volakroken ti flyvraket.

[attende] [utskriftvenlig side]

Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.
Klikk på kartet til høgre for å sjå ruta.

Dette turen kan sterkt anbefalst! Parkerer ein ved oppgongen til Nesheimsstølen, kan ein planleggja slik at ein returnerer frå Ekse, der turen endar opp, til Nesheim med buss, og kan rusla forbi kyrkja og bort å henta bilen etterpå.

Turen startar opp vegen til Nesheimstølen. Fin og lett sti, med flott utsikt mot dalen. Forbi Nesheimsstølen tek du så sørover opp langs høgre sida av elva. Det går umerka sti, pass på å finn og fylg denne.
Vel oppe i skaret kjem du rett på den gamle ferdslavegen som Ekse og Gullbrå brukte til Brekkhus, Øvrafjellsvegen. Denne går nordaustover. Enkelte plassa kan den væra litt vanskeleg å finna, pass på å gå "meir til høgre enn du trur", spesiellt ein plass der det er eit lite oppklyve som er fort å gå forbi. Stien stig fint innover. Etter ei tid dukkar Kvitenosa opp i synsfeltet. So etter kvart får ein fin utsikt mot Eksestølen. Stien går ned og kryssar elva som kjem or Eksestorvedalen. Her ligg murane etter dei gamle sæla på Eksestølen. Vidare går stien langs vatnet og bort dit sæl og hytter står no.

So bær det vidare opp Tjørnaleitet, og ein får fin utsikt mot Eksingedalen att. Sæla på Trefallstølen ser ein godt med kikkert. Ned Eksestølsvegen er det lett å gå, og elva kan kryssat på hengebrua heime ved husa på Ekse. Pass på å "knyta opp" grinda inn på brua på rett side (venstre), så ropar ikkje ho Birgit ;) (eller var det høgre? Ho Birgit ropte i alle fall).

[attende]

Turen vist på kartet.

www.trefall.com/wap/

Har kanskje ikkje den store nytteverdien dette nei (kva har egentleg det?) ....
Men har du mobil-telefon med wap kan du der gå inn på www.trefall.com/wap/ (fylg instruksane du får der).
(prøv gjerne sidene i wap-emulator først: som "nokia 7210" (eller som "web side")).

Det du i øyeblikket kan gjera er å laste ned bilete til mobil-telefonen din og f.eks bruka dei som bakgrunns-bilete (og kven vil ikkje ha bilete av vakre Trefallstølen på telefonen sin?).
Dette gjer du ved å "scrolla" ned til det bilete du vil ha, velgja "lagre bilde" på telefonen, og etterpå setja det som bakgrunn (korleis du gjer dette er avhengig av telefon typen).

Om eit bilete passar til ein telefon, er avhengig av telefon typen. Dei bileta som ligg der i dag er laga for Sony Ericsson t68 (101x80 pixel) og Sony Ericsson z600/t610/t630 (128x127 pixel). WML standarden spesifiserer wbmp filer (svart/kvitt i dårlig kvalitet) for bruk på telefonar utan farge-skjerm. Eg har lagt ut bileta både i fargar (som jpeg) og som wbmp. Biletstørrelse/telefon-type du ynskjer er menystyrd på wap-sidene.

Desse bileta ligg der i dag i 101x80 WBMP:

Desse bileta ligg der i dag for t68 (101x80):

Desse bileta ligg der i dag for z600/t610/t630 (128x127):

Om kort tid vil det kome fleire bilete her, pluss at du kan velgja mellom fleire størrelser av dei - tilpassa andre telefonar. Dette vil væra bilete frå også andre stadar i Eksingedalen enn Trefall/Trefallstølen, og frå Kongsberg.

Hugs å ta "last på nytt" på telefonen din neste gong du går inn på www.trefall.com/wap/ slik at du er sikker på å få med "siste nytt".

Du vil via wap-sidene også finna "Familie bilete" som er ei passord beskytta side med familiebilete til bruk som beskreve over. Brukar og passord er her det same som for "Familie album 1" (korleis du kan få tak i dette, sjå der).

Kongsberg 6/2 2005.
Litt meire bakrunnstoff om desse sidene.
Etter at teknologien var på plass for ei tid tilbake har no innhaldet fått fokus. Det å presentera ein svært vakker plett på jord: Eksingedalen med utgangspunkt i garden eg kjem frå: Trefall.
Intensjonen er i tilegg til biletseriar å beskriva turar, fortelja litt lokalhistorie, kanskje litt om gamle stadnavn, og anna aktuellt stoff. Eit eksempel på lokalhistorie er sida om "flyet" på Kvitanosi. Mer kjem utover våren og sommaren!
--k@@re
Kongsberg 27/5 2004.
Litt bakrunnstoff om desse sidene.
Desse sidene har smått om senn grodd fram ved at eg har leika meg med teknologien bak. Innhaldet vil no få meire fokus slik det sjølvsagt bør ha.
Men som sagt, fasinasjon av teknologien har vore ei drivkraft. Difor litt om teknologien:
Ei av dei få som har visst om desse sidene spurde: kva verktøy har du brukt? "Ingen" svara eg. Bortsett frå tekst-editoren "vi" (unix og linux nissar veit kva dette er). Men etter å ha tenkt meg litt meir om: Og det eg kan om java, php, perl, xml, xsl, css, docbook, og so vidare. Altså kunnskap. Denne opplistinga er ein miks av verktøy og standardar brukt i ymse høve. Her also for å laga ei enkel heimeside. Mykje av kunnskapen har eg vore so heldig å kunna tilegna meg gjennom jobben. Resultatet er at eg har "hånd-koda" det meste. Og hoved-kjeldefila for alle desse sidene er ei enkel "docbook" XML-fil, med forskjellige kapittel som blir her vist som web-sider. Og med paragrafar parvis på norsk og engelsk, der eg har lagt inn to språk. Svært enkel å oppdatera og vedlikehalda. Og eg er ikke i eit eller anna "elefant"-verktøys vold, som Microsoft Frontpage til dømes. Unntaket er her Adobe Photoshop som er brukt til å laga bilet-galleria med. Litt meire detaljar om teknologien kjem kanskje her seinare.
Og meire om bakgrunnen for innhaldet på desse sidene: Det å presentera ein svært vakker plett på jord: Eksingedalen (sjå også www.eksingedalen.net) med utgangspunkt i garden Trefall. Laga av ein som flytta ut for eit kvart århundra sidan.
Litt stoff frå staden eg har budd på i dette kvarte århundra vil og dukk opp under "Aust" i menyen til vinstre.
--k@@re

[attende]

Lenkjer

Fjell, natur, lokalmiljø:


Eksingedalen.no Den "offisielle" Eksingedals sida.

Den Grøne sløyfa Ei side om kva Eksingedalen og omegn har å by på.

Westcoastpeaks.com På desse sidene kan ein vandra lenge!! Start med Kvitanosi. Utruleg fine panorama og flybilete!

Vikjavev.no Flotte sider! Bilete frå stølane inne i Stølsheimen, + Arnafjord/Vik. Fyrste gongen eg besøkte sidene let eg meg imponera av levande panorama bilete (velg bilete i menyen til venstre), og av kart funkjsjonen (sjå "Kart" knappen i menyen til venstre på hovudsida (lag større: ta tak i nederste venstre hjøna av kartvindauga og dra det opp i full skjerm-størrelse, høgre-klikk på tomm bakgrunn og velg "Refresh"))

VossNow Svein Ulvund's urulege biletsaming med utgangspunkt frå Voss, men mange bilete frå våre fjell og!



Slekt, historie, Amerika:

Digitalarkivet Kyrkjebøker, folketeljingar, osv, osv.

Nordmændene_i_Amerika Martin Ulvestad's 1907 bok om norsk innvandring i Amerika.

Forslag til lenkjer som burde væra her? Send dei til meg!

[attende]

Sett austover, Gullbr� i forgrunnen. Gul M = Mortensfossen (muligens �rlite lenger nede i elva).
Daf�ret g�r her vidare inn til Holo, s� Torvedalen. Bakgrunnsbilete er foto i same retning.

Velkomen til k@@re's heimeside

Kjem snart!

e-brev: kaare@trefall.com (pgp key)

[attende]

Nytt: (nyast først)
(sjå også meldingane i "twitter-ruta" på hovudsida)

[attende]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>