{"id":4119,"date":"2024-03-03T15:41:01","date_gmt":"2024-03-03T14:41:01","guid":{"rendered":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/?p=4119"},"modified":"2024-04-05T15:21:32","modified_gmt":"2024-04-05T13:21:32","slug":"ekisingedalen-1918","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/nn\/ekisingedalen-1918\/","title":{"rendered":"Ekisingedalen 1918"},"content":{"rendered":"<p><strong>Eksingedalen 1918, i dag for 106 \u00e5r sidan, Bergens Tidende s\u00f8ndag 3. mars 1918<\/strong> (<a href=\"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/nn\/historie\/historiar-fra-eksingedalen\/\">oversikt<\/a>)<\/p>\n<p><em>Bilete: faksimile fr\u00e5 Bergens Tidende.<\/em><\/p>\n<p>Innleiing:<\/p>\n<p><em>\u201cEg vart baade undren og ille ved paa turen uppetter til Gulbraa i sumar, eg h\u00f8yrde riksingi av eit handorgel i ei stova paa ein av \u00f8vste gardarne. Aaa, sende det paa elvi ein gong ho er skapleg stor! Kj\u00f8p so att ei retteleg god fela; det vil h\u00f8va dykk. Og lat grammofonarne fara same vegen\u201d<\/em> (handorgel=trekkspel).<\/p>\n<p>Dette rapporterer Severin Blindheim fr\u00e5 ein av sine turar oppover Eksingedalen sommaren 1917. Og budeiene som byr han kaffi i staden for frisk mj\u00f8lk! Og s\u00e5 desse som g\u00e5r rundt med \u201capekatt-stikke\u201d i kjeften! Sigaretten. Det moderne forfall er i ferd med \u00e5 gjere sitt inntog i det avg\u00f8ymde trange dalf\u00f8ret!<\/p>\n<p>Same sommaren reiser Blaauw rundt i dalen og kj\u00f8per opp vassrettane, som no blir tapt for alle komande generasjonar. Har pengane g\u00e5tt til handorgel?<\/p>\n<p>Men ellers hyller Blindheim det han h\u00f8yrer av felespel og song. Og han hyller den sm\u00e5l\u00e5tne hardtarbeidande kloke bonden, glad i kvar jordflekk han har. Og dei dyktige reve-j\u00e6grane!<\/p>\n<p>Far var ein ivrig reve-j\u00e6ger. Han kunne fylja eit spor i dagevis for til slutt \u00e5 f\u00e5 has p\u00e5 styggen. \u00c5leine eller saman med Leif p\u00e5 nabogarden. Og blei et revehi funne om v\u00e5ren, var det \u00e5 r\u00f8yka ut kvalpar og dyr. Jakta gav spenning og inntekt. Inntekt via skotpremie og reveskinn. Reven blei sett p\u00e5 som eit rovdyr som tok sau og lam, og rype &#8211; ei anna inntekt. Eg hugsar far med sikkert handlag drog skinnet av den opphenget reveskrotten, for s\u00e5 \u00e5 spenna det opp p\u00e5 ei reveskinn-fj\u00f8l til t\u00f8rk.<\/p>\n<p>Om felespelet er \u00e5 seie at mykje blei borte d\u00e5 religi\u00f8s vekkelse sveipa kring i dalen eit ti\u00e5r og to etter denne forteljinga.<\/p>\n<p>Simen-Daoe p\u00e5 Gullbr\u00e5 (<a href=\"http:\/\/vaksdalhistorielag.org\/wiki\/index.php?title=Gullbr%C3%A5#Bnr._5.\">David Simonson Gullbr\u00e5<\/a> 1842-1924) ville vore n\u00f8gd med veg til Nesheim, sj\u00f8lv om det d\u00e5 framleis ville vore veglause mila att til tunet hans (dit kom den i 1959).<\/p>\n<p>At grunnen til deling av dalen mellom 3 herad var dei uframkomelege partia, har Blindheim ikkje heilt f\u00e5tt med seg.<\/p>\n<p>S\u00e5 til forteljinga:<\/p>\n<p><strong>I dag for 106 \u00e5r sidan.<\/strong><br \/>\n<strong>Bergens Tidende s\u00f8ndag 3. mars 1918:<\/strong><\/p>\n<h6><strong>Eksingedalen.<\/strong><\/h6>\n<p><em>Bjartare blenkjer visst aldri fjell<\/em><br \/>\n<em>naar morgensol snjotinden gyller.<\/em><br \/>\n<em>Fagrare raudnar visst aldri kvel<\/em><br \/>\n<em>med&raquo; nut og skyflokar brenn som eld<\/em><br \/>\n<em>og keveldsoli himmelen fyller.<\/em><br \/>\n&#8212; <a href=\"https:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Nils_Lavik\">Nils Lavik<\/a>.<\/p>\n<p>Han hev vore ein av dei Vestlandsdalarne som hev vore lite kjend. Avgj\u00f8ymd ligg han, og langt inne millom fjelli.<\/p>\n<p>Men hev du fyrst teke til aa verta honom var, er han ein slik som du seint tykkjest verta ferdig med. Fyrst den velduge naturi! Sjeldan skal du sjaa noko so storfelt. Dei flogbratte fjelli reisar seg skyh\u00f8gt yver deg naar du fer etter vegen.<\/p>\n<p>Ville urder med tusental av kjempesteinar nedanfyre fjellfoten. Dei bratte lidarne kl\u00e6dde med lauvskog og barskog; og so \u00bbLangesl\u00f8ra\u00ab, den 6-7 mil lange elvi som smyg nede i trongaste dalbotnen. Stundom ligg ho og dormar og veit ikkje anten ho skal ganga til vinstre eller h\u00f8gre fyr dei smaa skogkladde holmarne; og stundom slepper ho seg i lause lufti utfyre stupbratte berget, so vatsgovet driv deg um kjakarne, naar du fer etter vegen frammed. Her og der, lagar ho djupe, l\u00f8yndomsfulle hyljar, der storfisken g\u00f8ymer seg; eller og breidar ho seg ut paa vide flate sandgrunnar, der borni laugar seg dei varme sumardagarne.<\/p>\n<p>I lange tider hev ho soleis fare nedetter dalen, lenge fyrr folk fann vegen dit. Trufast har ho male og bore saman stein og sand og jord, og lagt det fraa seg her og der til store \u00f8yrar, der folk sidan fekk husetja seg.<\/p>\n<p>Og det er lenge sidan dei fyrste kom.<\/p>\n<p>Det var den tidi dalbotnen var tilvaksen med skog; og bj\u00f8rnen, ulven og andre udyr raadde grunnen, so folk maatte s\u00f8kja til hellarar og andre liknande g\u00f8ymslor aa halda til i. Her var han nok aa vinne med skogen, og seige var dei villdyri; men tapa laut dei nok tilslutt, so heimsens herre laut faa verta husbonden ogso der i dalen.<\/p>\n<p>Og no sit Eksinged\u00f8lerne paa gardarne sine uppetter dalen, ikkje r\u00e6dde korkje bj\u00f8rn eller varg; ja dei toler ikkje ein-gong reven i riket sitt. Er han so uvarsam at han synar nokon den brune pelsen sin, so er det nok feigdaferdi si han daa gjer, fyr gjev seg gjer dei ikkje fyrr han dinglar paa aksli daud. Hard spreng og klok aatferd maa nok til mang ein gong; men det nauvar inkje, dei er so vane med det der. Han mikkel lyt fira.<\/p>\n<p>&#8211; Eg hev vore fleire gonger i Eksingedalen; men ikkje til \u00f8vste garden fyrr i sumar. Daa fekk eg sjaa honom i heile si lengd &#8211; ca. 5-6 mil.<\/p>\n<p>Lang er han, men ikkje so mykje folk bur der etter maaten. Der er store vidder som h\u00f8yrer til kvar gard fleire stader og ikkje lite langt millom gardarne.<\/p>\n<p>Tri herad delar honom i millom seg, Bruvik nedst, Modalen og Eksingedalen i midten, og Evanger \u00f8vst. Ein kann merka det paa maalet og at det er ymse herad. Du er ikkje fyrr komen til Fosse &#8211; nedste garden i Evangerluten &#8211; fyrr du merka. \u00c6vonga-maolet. Men at Eksinged\u00f8larne deler upp dalen sin soleis og let det vere \u00bbtri bikkjor um beine\u00ab, skynar eg ikkje. Var det ikkje betre at dalen var ein dal og eit herad? No, dette er berre tankar som ein utanum tenkjer det, og soleis f\u00e6r ein difor verdsetja deim og. Men eg tykkjer det maatte vera meir naturlegt iminsto. Hardt maa det vera fyrr \u00f8vste luten til d\u00f8mes aa kosta vegjerne i Evanger, og so ikkje eiga ein einaste meter med veg sj\u00f8lve. Er det ikkje stormagtspolitikken berre i mindre utgaava slikt?<\/p>\n<p>Det er synd aa segja anna enn at folk er smaan\u00f8ytne, jamtyver daa. Det var so raakande soleis totte eg, det ein mann sa i sumar paa Gulbraa, \u00f8vste garden: \u00bbHadde me havt veg upp til Nesheim\u00ab, sa han, \u00bbso skulde me vore so vel n\u00f8gde og fegne\u00ab. Dei var n\u00f8gde um dei fekk \u00f8vste vegenden burtimot halvannor mil fraa garden sin! Inkje giorde det sidan um dei laut bera hustimbret, tak-n\u00e6vri, mj\u00f8lsekkjerne, saltet og elles alt som til skal i eit hus heim til gards. Og kj\u00f8t og sm\u00f8r og ymst anna kanskje, som skulde sendast heimanfraa den same lange vegen. Det var ingen ting aa tala um daa, um dei hadde berre halvannor mil til dei naadde fram til k\u00f8yrande veg. &#8211; &#8211;<\/p>\n<p>No maa dei mest til Lavik. halvtridje mil umlag fyrr dei naar k\u00f8yreveg; elvi, vatn og bratte hamrar stengjer. Og endaa trivst dei heime paa gardarne sine like godt, ja kanskje betre enn mange av deim som hev jarnveg, automobilveg, hestar og k\u00f8yregreidor fullt upp, og attaat mykje varor til aa bruka k\u00f8yregagnerne til. \u00bbDa e&raquo; nok mangt stort og gildt dar ute. Me hava frett da. Men eg hadde no ikkje vilja fara herifraa dalen kossor\u00ab, sa han Simen-Daoe paa Gulbraa. 0g mange fleire segjer visst det same.<\/p>\n<p>Slike folk burde ein h\u00f8gvyrda (ikkje med lange, dumme skaaltalor og skryt. Det ligg ikkje fyrr slike folk); men samfundet burde gjera alt det kunde med aa letta uppundar byrdi, som visst stundom vil verta vel tung. For slike folk hev verk i seg til aa byggja eit framtidsland dei. Var det ikkje h\u00f8veleg at slike folk langt der uppe fekk eit h\u00f8veleg \u00bbfjellbygdtilskot\u00ab t. d. um aaret? Ein burde iminsto gjera det ein kunde til aa berga deim, um mogeleg alle, fyr dalen deira og fyr landet vaart. Aa det hev vorte gjort fyrlite, er vel i r\u00f8ynde ein av dei djupaste grunnarne til at dei no sj\u00f8lve hev late fraa seg mest alle fossarne til jobbarar, so kraftkjelda er i det store og heile spilt fyr dalen sine eigne ettarkomarar.<\/p>\n<p>\u2014 Eg har h\u00f8yrt fortalt um folket i slike fjelldalar, kva styrke dei eig og seigleik. Kven av oss vanlege folk vil ta ei 50-60 kg. paa ryggen og setja utfyre den mest stupbratte fjellbruni paa ski um veteren? Eller ganga upetter same bratte lidi paa ski med ei like stor byrda? Me vilde nok fyrr ganga paa fragtgodsen med det, og lata jarnvegsfolket og eimhesten greida det, me. Det var so mykje betre det.<\/p>\n<p>Nei, du f\u00e6r ikkje vera forh\u00f8vne paa slike plassar, iminsto ikkje sumarshalvaaret. Det vilde ganga ille um dei var det. Dalen kann nok kanskje finna d\u00f8me paa folk som hev havt hug aa spara seg og gierne her vilja teke det, la meg segje noko paa moderne vis med arbeidet og stjornet. Men korleis hev det gjenge? Slike folk hev det gjenge attyver med. Dei hev anten lote gjeve upp eller so fare derifraa. Men mange slike trur eg ikkje der finst til vanlegt.<\/p>\n<p>Vilje, trott og trauste tak lyt til. Det er gildt aa sjaa paa korleis sume kann arbeida. Dei hev slikt velsigna godt lag til det, og so sn\u00f8ggtenkte og paahitne i mange h\u00f8ve at eg mangein gong hev lote undrast. Utslaat-arbeidet i slike dalar skapar sn\u00f8ggtenkte folk. Eg kann godt skyna at dei paa slike stader tykkjest trengja noko mindre skuletid enn paa staden der borni ikkje f\u00e5r so god \u00f8ving med tanken, i det daglege arbeidet. Her vil dei, um borni er med i arbeidet eller paa arbeidsstaden (og det brukar visst dei fleste) faa ei god uppl\u00e6ring i mangt, umedvitande, utan baade skuleb\u00e6nk og skulemeistar. Dei f\u00e6r etter kvart upp\u00f8ving i tankearbeid. Snarraaduge og gl\u00f8gge folk veks der upp i slike dalar.<\/p>\n<p>Eksingedalen her vore noko fyr seg sj\u00f8lv. Og har er det framleides i mange maatar. Likevel kann ein merka mangt som tyder paa at \u00bbkulturen\u00ab et seg inn her og. Kaffien hev no visst vore brukt lenge. Det burde han sj\u00f8lvagt ikke vore der ein hev fleire kyr og nyttar all mj\u00f8lki heime. Slett ikkje tykkjer eg at han \u00bbLars\u00ab skulde faa nokon heiderenlass paa st\u00f8larne. Men det f\u00e6r han nok diverre jaa mange budeigjor no.<\/p>\n<p>Og sigarettarne! Dei hev og vunne seg eit stykke upp millom fjelli. Det er vel dei velsigna handelsmennerne aa takka fyre der som alle andre stader at den apekatt-stikka hev funne fram. Gjev gutarne vilde senda henne i deim som dreg slikt heim til \u00bbde kirkestille dale!\u00ab<\/p>\n<p>Og handorgli! Eller akordionspeli eller dragspeli eller kva namn dei hev daa! Eg vart baade undren og ille ved paa turen uppetter til Gulbraa i sumar, eg h\u00f8yrde riksingi av eit handorgel i ei stova paa ein av \u00f8vste gardarne. Aaa, sende det paa elvi ein gong ho er skapleg stor! Kj\u00f8p so att ei retteleg god fela; det vil h\u00f8va dykk. Og lat grammofonarne fara same vegen, um der er slike. Eg hev h\u00f8yrt at unggutar som \u00bbhev vore i byen\u00ab, hev kome heim til dalen med slike kattal\u00e6tor. De andre ungdomarne som ikkje hev r\u00f8ynt noko so stort som aa vera i byen eit halvt aar eller so, de burde bera slike maskinor utfyre ein av fossarne der heime, og attaat lova paa at slikt kram vil de ikkje tola uppe der millom fjelli. Slike tonar h\u00f8ver ikkje nokon stad; slett ikkje i ein dal som denne.<\/p>\n<p>Nei, daa totte eg noko likare um det eg h\u00f8yrde ein sundag i fjor sumar daa. Eg for nedetter dalen k\u00f8yrande; og nett som eg svinga framum ein gard, m\u00f8tte det meg ein spelande fin d\u00f8la-slaat fra ei fela uppe millom runnarne. Hadde eg havt god tid, hadde eg vilja venta og lydt lenge paa den lunden; men eg maatte diverre avstad.<\/p>\n<p>Felelaat fraa ein skoglund, eller fraa ein baat paa elvi, eller ein folketone sungen med d\u00f8lar-r\u00f8yst heime i lyden eller ute, er noko som h\u00f8ver. Det h\u00f8yrer heime paa slike stelle og vil falla godt i den store \u00bbkyrkja\u00ab som heitar Eksingedalen.<\/p>\n<p>Slike tonar maatte ikkje d\u00f8y burt. Berre det ikkje hende!<\/p>\n<p>I gamle dagar livde dei meir slikt millom folket, fortel dei gamle. Daa var det sv\u00e6rt vanleg at baade unge og gamle song naar dei gjekk ute i arbeidet sitt. Antan dei so var uppe i lidi paa slaatt eller dei losta bork i bj\u00f8rkeskogen eller hadde noko anna fyre seg. No minkar det med sovore, segjer dei, der som andre stadar. Men lel hev det vorte g\u00f8ymt mange vakre tonar og visor der burte; tonar og visor som visst aldri vil d\u00f8y.<\/p>\n<p>Og forteljingskunsten og soge-framsegjingi daal Korleis hev det ikkje vore med det. Der hev vore mange som hev kunna fortalt. Godmor og mor, godfar og far tok seg mangei stund til aa fortelja til dei unge. Der vanka sogur um huldrer og tuftekallar, um jolereidar og andre store umframtfolk. Og sogor um bj\u00f8rn og varg, \u00f8rn og rev som laut bita i graset fyr dei seige veidarane. Og forteljingar um merkelege folk som hadde livt, og store hendingar. Desse sogor prenta seg inn i dei smaa; og dalen og livet der vart det kj\u00e6raste dei visste paa jord. Det er difor ikkje so rart der hev vakse upp mange som hev vore hugheile naar det gjaldt heim og land.<\/p>\n<p>Folk hev med retto set stort paa heimen og dalen sin. Dei hev ikkje magta aa riva seg lause herifraa, jamvel um mangt som glima, stod ute og drog og venta. Dei her livt heime og gjeve avkall mangeingong paa \u00e6ra og stordom; men hev i staden vakse so mykje meir umetter, det folk til vanleg no hev korkje tid til eller tanke fyre.<\/p>\n<p>Det var soleis ei preik fyr meg i sumar eg gjekk neda paa dei fine b\u00f8arne paa Gulbraa saman med han Simen-Daoe (David Gulbraa), den eldste mannen paa garden. I alt hans snakk skein det fram kj\u00e6rleiken til garden. Han saag paa kvar flekken som noko stort og heilagt, noko som han aldri hadde vilja bytt fraa seg og dei han rekner til sine. Og endaa er Gulbraa ein gard der det korkje veks noko skog aa kalla, eller mognast korn paa. Det ligg for langt til fjells.<\/p>\n<p>Han hadde livt i umlag 75 aar der uppe. Hadde teke mangt eit tak og stende ute mang ei frostrid; men sp\u00f8r honom um han hadde vantrivst! Han var so glad i Gulbraa at eg maatte verta det og. Ikkje hadde han gjenge noko skule som er aa nemna; Men lel hev eg aldri h\u00f8yrt nokon<br \/>\n\u00bbl\u00e6rd\u00ab mann kunna fortelja og ordleggja seg som han.<\/p>\n<p>Og heller ikke hadde han hutla burt minnet sitt karen. Han hadde mangt aa fortelja, som ikkje hadde hendt dette aaret.<\/p>\n<p>Det er aa vona at dalen vil vera ein egte norsk dal. At folket vil finna det dei treng der uppe millom fjelli framleides, at ikkje \u00bbkulturen\u00ab f\u00e6r fyr godt fotfeste, og at folket vert verande der og verkeleg trivst der som fyrr; daa vil dei una og finna si lukka.<\/p>\n<p>Severin Blindheim.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eksingedalen 1918, i dag for 106 \u00e5r sidan, Bergens Tidende s\u00f8ndag 3. mars 1918 (oversikt) Bilete: faksimile fr\u00e5 Bergens Tidende. Innleiing: \u201cEg vart baade undren og ille ved paa turen uppetter til Gulbraa i sumar, eg h\u00f8yrde riksingi av eit handorgel i ei stova paa ein av \u00f8vste gardarne. Aaa, sende det paa elvi ein &hellip; <a href=\"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/nn\/ekisingedalen-1918\/\" class=\"more-link\">Hald fram med \u00e5 lese<span class=\"screen-reader-text\"> \u00abEkisingedalen 1918\u00bb<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":4121,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_uag_custom_page_level_css":"","advgb_blocks_editor_width":"","advgb_blocks_columns_visual_guide":"","jetpack_post_was_ever_published":false,"_jetpack_newsletter_access":"","_jetpack_dont_email_post_to_subs":false,"_jetpack_newsletter_tier_id":0,"_jetpack_memberships_contains_paywalled_content":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":"","jetpack_publicize_message":"","jetpack_publicize_feature_enabled":true,"jetpack_social_post_already_shared":true,"jetpack_social_options":{"image_generator_settings":{"template":"highway","enabled":false},"version":2}},"categories":[60],"tags":[95,62,93],"jetpack_publicize_connections":[],"featured_image_urls_v2":{"full":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle.jpg",1936,1936,false],"thumbnail":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-150x150.jpg",150,150,true],"medium":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-300x300.jpg",300,300,true],"medium_large":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-768x768.jpg",768,768,true],"large":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-1024x1024.jpg",840,840,true],"1536x1536":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-1536x1536.jpg",1536,1536,true],"2048x2048":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle.jpg",1936,1936,false],"post-thumbnail":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-1200x1200.jpg",1200,1200,true],"awb_sm":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-500x500.jpg",500,500,true],"awb_md":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-800x800.jpg",800,800,true],"awb_lg":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-1280x1280.jpg",1280,1280,true],"awb_xl":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-1920x1920.jpg",1920,1920,true]},"post_excerpt_stackable_v2":"<p>Eksingedalen 1918, i dag for 106 \u00e5r sidan, Bergens Tidende s\u00f8ndag 3. mars 1918 (oversikt) Bilete: faksimile fr\u00e5 Bergens Tidende. Innleiing: \u201cEg vart baade undren og ille ved paa turen uppetter til Gulbraa i sumar, eg h\u00f8yrde riksingi av eit handorgel i ei stova paa ein av \u00f8vste gardarne. Aaa, sende det paa elvi ein gong ho er skapleg stor! Kj\u00f8p so att ei retteleg god fela; det vil h\u00f8va dykk. Og lat grammofonarne fara same vegen\u201d (handorgel=trekkspel). Dette rapporterer Severin Blindheim fr\u00e5 ein av sine turar oppover Eksingedalen sommaren 1917. Og budeiene som byr han kaffi i staden for&hellip;<\/p>\n","category_list_v2":"<a href=\"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/nn\/category\/historie\/\" rel=\"category tag\">Historie<\/a>","author_info_v2":{"name":"kaare","url":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/author\/kaare\/"},"comments_num_v2":"0 comments","featured_image_src":"https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle.jpg","author_info":{"display_name":"kaare","author_link":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/author\/kaare\/"},"author_meta":{"display_name":"kaare","author_link":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/author\/kaare\/"},"featured_img":"https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-300x300.jpg","jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle.jpg","pbg_featured_image_src":{"full":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle.jpg",1936,1936,false],"thumbnail":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-150x150.jpg",150,150,true],"medium":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-300x300.jpg",300,300,true],"medium_large":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-768x768.jpg",768,768,true],"large":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-1024x1024.jpg",840,840,true],"1536x1536":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-1536x1536.jpg",1536,1536,true],"2048x2048":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle.jpg",1936,1936,false],"post-thumbnail":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-1200x1200.jpg",1200,1200,true],"awb_sm":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-500x500.jpg",500,500,true],"awb_md":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-800x800.jpg",800,800,true],"awb_lg":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-1280x1280.jpg",1280,1280,true],"awb_xl":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-1920x1920.jpg",1920,1920,true]},"pbg_author_info":{"display_name":"kaare","author_link":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/author\/kaare\/","author_img":false},"pbg_comment_info":" No Comments","pbg_excerpt":"Eksingedalen 1918, i dag for 106 \u00e5r sidan, Bergens Tidende s\u00f8ndag 3. mars 1918 (oversikt) Bilete: faksimile fr\u00e5 Bergens Tidende. Innleiing: \u201cEg vart baade undren og ille ved paa turen uppetter til Gulbraa i sumar, eg h\u00f8yrde riksingi av eit handorgel i ei stova paa ein av \u00f8vste gardarne. Aaa, sende det paa elvi ein&hellip;","uagb_featured_image_src":{"full":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle.jpg",1936,1936,false],"thumbnail":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-150x150.jpg",150,150,true],"medium":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-300x300.jpg",300,300,true],"medium_large":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-768x768.jpg",768,768,true],"large":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-1024x1024.jpg",840,840,true],"1536x1536":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-1536x1536.jpg",1536,1536,true],"2048x2048":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle.jpg",1936,1936,false],"post-thumbnail":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-1200x1200.jpg",1200,1200,true],"awb_sm":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-500x500.jpg",500,500,true],"awb_md":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-800x800.jpg",800,800,true],"awb_lg":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-1280x1280.jpg",1280,1280,true],"awb_xl":["https:\/\/www.trefall.com\/wordpress\/wp-content\/uploads\/2024\/03\/1918_samle-1920x1920.jpg",1920,1920,true]},"uagb_author_info":{"display_name":"kaare","author_link":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/author\/kaare\/"},"uagb_comment_info":0,"uagb_excerpt":"Eksingedalen 1918, i dag for 106 \u00e5r sidan, Bergens Tidende s\u00f8ndag 3. mars 1918 (oversikt) Bilete: faksimile fr\u00e5 Bergens Tidende. Innleiing: \u201cEg vart baade undren og ille ved paa turen uppetter til Gulbraa i sumar, eg h\u00f8yrde riksingi av eit handorgel i ei stova paa ein av \u00f8vste gardarne. Aaa, sende det paa elvi ein&hellip;","coauthors":[],"tax_additional":{"categories":{"linked":["<a href=\"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/nn\/category\/historie\/\" class=\"advgb-post-tax-term\">Historie<\/a>"],"unlinked":["<span class=\"advgb-post-tax-term\">Historie<\/span>"]},"tags":{"linked":["<a href=\"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/nn\/category\/historie\/\" class=\"advgb-post-tax-term\">1918<\/a>","<a href=\"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/nn\/category\/historie\/\" class=\"advgb-post-tax-term\">Eksi<\/a>","<a href=\"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/nn\/category\/historie\/\" class=\"advgb-post-tax-term\">Eksingedalen<\/a>"],"unlinked":["<span class=\"advgb-post-tax-term\">1918<\/span>","<span class=\"advgb-post-tax-term\">Eksi<\/span>","<span class=\"advgb-post-tax-term\">Eksingedalen<\/span>"]}},"comment_count":"0","relative_dates":{"created":"Posted 2 \u00e5r ago","modified":"Updated 2 \u00e5r ago"},"absolute_dates":{"created":"Posted on 3. mars 2024","modified":"Updated on 5. april 2024"},"absolute_dates_time":{"created":"Posted on 3. mars 2024 15:41","modified":"Updated on 5. april 2024 15:21"},"featured_img_caption":"","series_order":"","jetpack_sharing_enabled":true,"jetpack_shortlink":"https:\/\/wp.me\/p7ql8K-14r","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4119"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4119"}],"version-history":[{"count":8,"href":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4119\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":4141,"href":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4119\/revisions\/4141"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media\/4121"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4119"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4119"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.trefall.com\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4119"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}